Folkemusikk-frikane tek ei lita pause

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

Laurdag kveld varta Blåmann Blåmann opp med ein feiande avskjedskonsert i Berget det blå. Men slutte nå? Nei, vi tek berre ei lita pause, annonserte Odd Nordstoga for eit fullpakka Tokke kraftverk fø r oktetten la i veg med det som etter Odds sikre smak er verdas finaste song: Kjempevisa om Lillebror og Storebror.

DEL

Oktett ja, for på vårens runde med «takk for nå»–konsertar har den populære kvartetten vore dugeleg forsterka. På Dalen gav to perkusjonistar, ein bassist og ein keyboardist ekstra tyngde til Blåmann Blåmann. Vel mykje kanskje for dei som er vane med å ta hardingfela bar og mannskorsong på trygg avstand.

Men du verda som det kan svinge av norsk folkemusikk når dei fire sjarmtrolla frå Vinje legg i veg med Gibøspringaren Helga Gjuviken, lett bearbeidd av Eivind Groven og atskillig arrangert av Odd & co. Først Lars Underdal med slåtten om lag som han skal låte for solo hardingfele, så kjem Asgaut Bakken inn med tunge bassakkordar, og når så Silje Hegg med fløyter og Odd med balkansk trekkspell sluttar seg til med fullt trykk – ja, da har Håvard Gibøen nådd langt og vidt med musikken sin.

Etter ein litt varsam start med ein halling etter Embrik Beitohaugen og visa om Murukleiven fekk vi Blåmann Blåmann som vi kjenner dei – først med verdast neste beste song: Målfrid mi fruve, deretter både trollhalling og trollspringar med Siljes suverene seljefløyte. Det blei ein time med flott stigning i programmet, og Halfdan Sivertsen skal iallfall ikkje klage på oppvarminga.

Neri og Ludvig

Det er mange grunnar til at vi gjerne vil ha ei pause, sa Odd til TA etter konserten. Han syslar med ei ny soloplate, Asgaut er oppteken med å bygge folkemusikknettverk rundt om i landet som dagleg leiar av Den norske folkemusikkscena, og Silje har kome godt i gang med sosialantropologi hovudfag i Bergen.

– Og så er det kanskje Neri og Ludvig?

– Akkurat. Dei to småkarane, den eine eitt og eit halvt, den andre eit halvt, set stor pris på å ha fedrane sine heime og ikkje altfor mykje på farten, seier Odd og legg til at Blåmann Blåmann har hatt mykje moro sidan det starta for alvor for tre-fire år sidan.

– Vi har vore på det meste som finst av festivalar, vi har reist på Rikskonsertturné, og vi har gitt ut plate. Som vi til og med har tent litt pengar på! Så vi har ingen grunn til å klage, og vi kjem nok att når vi berre får fornya oss. Vi har alt fått spørsmål om å stille opp sommaren 2004¿

Artikkeltags