Til jubileumsåret har Sauherad-komponisten Henrik Ødegaard levert bestillingsverket «Ferdaminne», ein songsyklus med i alt åtte Halldis-dikt – frå reine naturskildringar og sentrallyriske dikt via sprelske kjærleiksdikt som «Aleine» og «Fivreld» og til dikt til ettertanke frå seinare år. Før Telemark Kammerkor entra scenen, blei heile knippet av dikt lese opp av Petri Blåstad.

Det var komponist Ødegaard sjølv som stod ved dirigentpulten denne kvelden, og det blei ei tvers igjennom vellykka framføring. Det er samtidsmusikk ein møter i «Ferdaminne», men ikkje av det altfor vanskeleg tilgjengelege slaget. Dessutan får koret støtte av Torgeir Fossli ved klaveret, Torbjørn Hamrin på kontrabass og Angelika Faber Karsrud på bratsj, alle tre rutinerte utøvarar frå den klassiske sektoren. Telemark Kammerkor er eit relativt lite kor, 11 damestemmer og åtte på sverdsida gir god balanse, og ikkje minst soprangruppa visste å opne stemmebanda på vidt gap, og heile songsuiten blei boren fram med presisjon og stor songglede.

SPENST OG SPENNING

Koret Akantus frå Bø, leia av danske Jørgen Andersen, representerer ein heil annan kortradisjon. Dei som ventar seg harmoni for sopran, alt, tenor og bass, jauda, dei får også sitt, men her er det dramaturgi ute og går, og songarane både syng og les, brukar rørsler og bråe omskifte.

Rundt tre av Halldis mest kjende dikt var det spunne friske afrikanske rytmer etter Paul Simon, eit spennande talekor, Jon Rørmark-arrangement og til slutt ein spenstig bruremarsj i Brass Brothers-utgåve. Heilt frå starten med ein einsleg sopran ståande åleine på scenen og til ein sprudlande finale fekk eit takksamt publikum oppleve ein varm og velklingande hyllest til Halldis Moren Vesaas på sjølve dagen.

TA's medarbeidar måtte avstå frå siste del av festkonserten, men kjenner vi multiinstrumentalisten Hans Fredrik Jacobsen og Nord-Østerdals-huldra Tone Hulbækmo rett, fekk fødselsdagsfeiringa i Gullbring ei både munter, vemodig og verdig avslutning.