Fascinert av munnharpa

Artikkelen er over 15 år gammel

Det gjeld å lære seg teknikken med å opne og lukke strupen. Ein må få til «å knekke lufta» slik at ein får tøffe lydar.

DEL

Jon Elling Buen Garnås (25) i Bø demonstrerer både med munnharpa si og med eldre opptak frå Setesdal. Saman med kameraten Ole Bjørn Skoe (26) er han med på å gi munnharpa eit oppsving i festivalbygda. Ole Bjørn smir dessutan harper, og Jon Elling tek ivrig ein test på eit par nysmidde instrument.

– Kva er det ved munnharpa som fascinerer slik?

– Det er sjølve låten, ja, og så drivet i musikken, seier Jon Elling.

– Og at ein kan få så mykje ut av noko så knøttlite, ei slik simpel greie, supplerer Ole Bjørn.

– Det gjeld å meistre harpa og få til «rykket» slik at ein kan spela slåttar, ikkje berre lage lydar, slår Jon Elling fast. Han trur det er lettare å fange folk med munnharpa enn med hardingfela. Folk blir fascinert, mange vil prøve seg – og nesten like mange gir snart opp. Det ligg utruleg mange ubrukte harper rundt omkring, seier han.

PÅ ALVOR

Som yngstemann i familien Buen Garnås voks Jon Elling opp med både song og musikk.

– Eg prøvde meg på munnharpa som bitteliten, men alvor blei det ikkje før eg blei med på eit kurs som Anders Røine hadde i Suldal. Seinare blei det fleire kurs, så dei tre-fire siste åra har det vorte ganske mykje speling, og eg har fått meir tak på det reint tekniske.

Så bra grep på det at han hevdar seg i kappleiksamanheng og blir invitert til å vera med på munnharpekonsert på Telemarkfestivalen, der kongsbergingeniøren Svein Westad og Tran Quang Hai, ein munnharpetrollmann frå Vietnam, er i hovudrollene.

– Eg blei spurt om å v era med, og det sa eg sjølvsagt ja til, seier den unge bøheringen.

PÅ LEIT

Dei to munnharpeentusiastane vil gjerne finne ut meir om den gamle telemarkstradisjonen. Dei gamle telemarksharpene var blant anna mjukare i tonen, og dei er svært interessert i å få kontakt med folk som har eldre harper som kan fortelje meir om tradisjonen.

For rett nok er det Anders Røine og andre av den yngre garde som har størst appell hos Jon Elling og Ole Bjørn, men sjølve idolet er å finne i det gamle telemarksspelet – hos Olav Oreholte frå Rauland, svigerfar til storspelemannen Jørgen Tjønnstaul. Det finst berre tre-fire opptak med Oreholte, men det er nok til å skjerpe appetitten.

– Eg lurar på åssen han gjer det! sukkar Jon Elling.

Fakta munnharpe:

METALLBØYLE: Folkemusikkinstrument sett saman av ei metallbøyle med parallelle armar og ei stålfjør innpassa i bøyla. Lyden oppstår når bøylearmane kviler mot tennene og stålfjæra blir sett i vibrasjon med munnhole og svelg som resonansbotn.

OPPHAV: Munnharpa har sitt opphav i Asia. Den eldste norske munnharpa er truleg frå ca år 1000 og skriv seg frå eit gravfunn i Setesdal på 1980-talet.

Artikkeltags