Fann vegen til Vesaas' Vinje

KONTRAST: Familien Gutierrez har for ein periode vendt den sydande meksikanske hovudstaden (over 20 millionar innbyggjarar) ryggen til fordel for fredfylt furuskog i Vinje. Frå venstre: Santiago, elev på Åmot skule, mamma Montserrat, pappa Juan og Irene, elev ved Vest-Telemark vidaregåande på Dalen.

KONTRAST: Familien Gutierrez har for ein periode vendt den sydande meksikanske hovudstaden (over 20 millionar innbyggjarar) ryggen til fordel for fredfylt furuskog i Vinje. Frå venstre: Santiago, elev på Åmot skule, mamma Montserrat, pappa Juan og Irene, elev ved Vest-Telemark vidaregåande på Dalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Juan Gutierrez blei mest forskrekka da han forsto at Tarjei Vesaas ikkje var omsett til spansk. Det ville den 48 år gamle meksikanske forfattaren og omsetjaren gjera noko med.

DEL

Og skal ein gi den spansktalande verda Fuglane i den best moglege språkdrakta - ja, så må ein helst løyse oppgåva i den delen av verda der romanen blei til - i Vinje i Telemark.

I juni kom Gutierrez og dottera Irene (17) til Åmot og blei hjarteleg mottekne av kultursjef Signe Marie Kittelsaa. Husrom? Ikkje noko problem. Litt russel i media, og folk frå alle delar av Vinje meldte seg med hus i alle kategoriar. Så da senora Montserrat (48) og sonen Santiago (13) etter den lange reisa frå Mexico by kom til Åmot i førre veke, kunne dei feire gjensynet med ektemann, dotter og syster i eit romsleg, raudt hus i Åbøgrend. Den eldste dottera, Maria, er 24, ute av reiret og ikkje med på ferda til Noreg.

- Juan Gutierrez - korleis i all verda??

- Du forstår - alt som ungdom, rundt 1980, var eg i Noreg, Sverige og Finland og fekk sansen for Skandinavia. Som forfattar og omsetjar blir eg kjent med litteratur frå mange land, og i 1996 las eg Isslottet - på engelsk. Det var ei stor oppleving, og eg tenkte at eg måtte finne meir av Vesaas. Men på spansk? Nei ingenting - til mi store forundring.

IBSEN

Eg har arbeidd med omsetjing av engelsk dramatikk, Harold Pinter mellom andre, og for nokre år sidan laga eg ut frå den engelske versjonen ei spansk utgåve av Ibsens Fruen fra havet. Da kom eg i kontakt med ein dansk instruktør, og da stykket skulle framførast, skjedde det med hjelp av norske musikarar.

På dette punktet i samtala sluttar Montserrat seg til oss. Ho har vore på ein biltur til Seljord og Bo, nei Bø! Ho er skodespelar, har arbeidd både på scenen, med fjernsyn og film, og hadde rolla som Ellida Wangel i den vellykka Ibsen-oppsetjinga i Mexicos hovudstad. Ho vil gjerne arbeide som skodespelar her i landet og har alt hatt hyggelege kontaktar i skodespelarforbundet.

- Skal eg arbeide her, veit eg at eg må lære meg norsk, seier ho og avslørar at ho alt er godt i gang.

VELKOMMEN TIL VINJE!

Det var arbeidet med Ibsen og kontakten med norske kunstnarar som førte til at Juan Gutierrez på nytt tok for seg forfattarskapen til Tarjei Vesaas.

- Eg begynte å lære meg norsk, og i januar skreiv eg ein førespurnad til Vinje kommune. Eg fekk svar, eit hyggeleg svar med vennlege råd, og så kunne vi starte planlegginga av noregsopphaldet. Da Irene og eg kom til Vinje nå i sommar, kjente eg meg straks velkommen. Vi har fått hjelp og gode råd hos rådmann Lehmann, ordførar Arne Vinje og sjølvsagt kultursjefen. Folk i Vinje er opne og vennlege, stoppar meg og vil vite. På biblioteket er dei hyggelege og hjelpsame. Når eg kjem der, seier dei: Vi har noko til deg! Skrivande folk har eg også møtt - Øystein Løk, Stein Versto og sjølvsagt folk i Vesaas-familien.

- Men kva er det med Tarjei Vesaas som kan få deg og familien din til å bryte opp frå ein annan verdsdel og slå dykk ned i ein utkant av vesle Noreg?

- He is so powerful, seier Juan og tek engelsk til hjelp. Det er så mykje bak språket, så mange ekko. Å omsetje Fuglane, som er prosjektet mitt, er ei vanskeleg oppgåve. Det er ei svært spesiell bok. Eg har sett filmatiseringa og også klypp frå teaterframsyninga med Nils Sletta i hovudrolla. Det var imponerande, seier han og ser fram til å arbeide seg langt inn i det nynorske språket. Det opnar eit stort landskap, eit landskap der han også har møtt dramatikaren og lyrikaren Jon Fosse.

FILOSOFI

Juan Gutierrez er universitetsutdanna frå heimlandet med eksamen i filosofi. Han har alt funne fram til nyss avdøde Arne Næss. Han er ikkje godt kjent i Mexico, men burde vore det, slår han fast. Kanskje vil Juan med tida også gi Mexico og andre spansktalande land kunnskap om den norske filosofen og humanøkologen Arne Næss?

Nå står Litteraturdagane i Vinje for døra, og sjølvsagt blir dei meksikanske gjestene i Vinje å finne blant publikum. Som tilhøyrarar først og fremst. Men neste år blir kanskje Juan å finne blant foredragshaldarane. Mexico er eit land med meir enn 100 millionar innbyggjarar og rike kulturelle tradisjonar. Meksikanske forfattarar er å finne på norsk - Carlos Fuentes (født i 1928) og nobelprisvinnaren Octavio Paz (1914-98) for å nemne to av dei fremste. Dei er båe omsett til norsk og let seg heilt sikkert presentere på nynorsk av ein meksikansk filosof.

Artikkeltags