Dristig 2005-opera

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

I oktober neste år har folkemusikkversjonen av Tryllefløyten premiere på operaen med kvedarane Berit Opheim og Aasmund Nordstoga i rollene som Nattens Dronning og Sarastro.

DEL

Mozarts «Tryllefløyten» i folkemusikkutgåve? Kombinasjonen norsk folkemusikk/Wolfgang Amadeus Mozart kan synest vel dristig, men både Den norske Opera og Rikskonsertane meiner alvor.

Ideen kjem frå den nyskapande svenske regissøren Leif Stinnerbom ved Vestanå Teater, og prosjektleiar Helge Fløtten i Rikskonsertane stadfester at forestillinga etter premiere og turnering i Noreg skal vidare til eit svensk publikum.

ELITELAG

Eit elitelag av norske folkemusikkutøvarar blir å sjå på scenen. Forutan dei to nemnde blant andre Kirsten Bråten Berg, Øyonn Groven Myhren, Marit Mattisgard og Jon Anders Halvorsen frå Lunde.

På den instrumentale sida er folkemusikktrioen Harv med Daniel Sandén Warg (kjend frå samarbeid med «luringen» Odd Nordstoga (bror til Aasmund)) i hovudrolla.

Ein annan Nordstoga-venn, lyrikaren Stein Versto, også han opprinneleg frå Vinje, har omsett librettoen til «Tryllefløyten» til nynorsk.

NYE SKANSER

- Eit verkeleg spennande prosjekt og enda eit prov på at norsk folkemusikk er i ferd med å erobre nye skanser. Å få rolla som Sarastro ser eg på som ei kjempeutfordring, seier Aasmund Nordstoga.

Han har utdanning i klassisk song attåt folkemusikkbakgrunnen sin frå Vinje og lanserer neste veke ny cd med trioen Trispann.

Artikkeltags