Les også: Nye dansesteg

Ein skal leite lenge om ein finne ei dame som swingar seg like mykje som Solvår Raaen. Ho dansar fast på tysdag, fredag og laurdag, og når sjansen byr seg elles. Når sommaren sett inn er ho på så mange gallaer og festivalar som mogleg. Men ho får også med seg diverse dansecruise og dansing på Playa del Sol på Gran Canaria resten av året. For ikkje lenge sidan var ho på Jazzfestival i New Orleans.

- Jazzfestivalen var heilt topp. Då var det musikk heile tida, seier Raaen med stjerner i augo.

TRAVEL DAME

Gullskoen blir delt ut på Dansefestivalen på Sel neste veke. Den som vinn skal vere ein god ambassadør for dansegleda og Raaen konkurrerer med danselærarar og andre såleslitarar. Ho er blant dei fem finalistane, men ho meiner ikkje at det viktigaste er å vinne.

- Men eg blir jo glad om eg vinn då, innrømmer ho.

Når Seljordfestivalen er over på sundag tar ho ei to dagars pause før ho reiser til Dansefestivalen i Sel.

- Derifrå reiser eg rett på Malungsveckan, som er ein dansefestival i Sverige, seier den danseglade.

Ho trur dei aller fleste reiser heim frå Seljordfestivalen med ei herleg kjensle sundag.

- Eg trur at dei som tør å prøve festivallivet blir litt hekta. Hit reiser ein for å ha det gøy og ikkje klage, påpeikar Raaen.

Raaen meiner ho byrja å danse alt då ho låg på stellebordet.

- Eg var så uroleg at mor hadde problem med å skifte på meg. Det er danseblod frå Trøndelag det, ler Gullsko-kandidaten.

Ho dansa mykje då ho var mellom 14 og 20 år. Så blei ho gift og då bytta ho ut dansen med familierolla. No har ho fire barn og sju barnebarn. Ho blei aleine då ho var 40 år og då byrja ho å danse.

- Då tok det av. Dansen gjev meg overskot og livsglede. Det er medisinen min, seier Raaen, som legg til at ho har arva livsgleda til mor si.

Ho er ikkje medlem av nokon danseklubb, men går på dansekveldane til Kom og dans på Ibsenhuset.

- Når eg ikkje er på reise går eg ut å dansar i min eigen by. Då dansar eg på Mariannes. Eg kjenner meg privilegert som får danse, seier Raaen.

- Dessutan likar eg swingskjørt, legg ho til.

Ho fortel at mannfolka står i kø for føre ho rundt på parketten, så ho får alltid danse.

- Eg dansar med alle - uansett. Så det er berre å by meg opp. Alle burde kome seg opp av stolen og danse. Det er gleda det går på, ikkje prestasjonen, oppfordrar Raaen.