Blues-dotter slepper pop-song

PÅ UTANLANDSK RADIO: Britt Eva Rugaas Pettersen slepper laurdag «Backstabber» i utlandet og her til lands.

PÅ UTANLANDSK RADIO: Britt Eva Rugaas Pettersen slepper laurdag «Backstabber» i utlandet og her til lands. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Ho har i mange år opptredd bak bluesartistar. No skal ho fremje seg sjølv og det med ei poplåt.

DEL

Britt Eva Rugaas Pettersen (27) frå Nordagutu slepper i morgon låta «Backstabber» i Noreg. Ho har alt fått veldig god tilbakemelding frå radiostasjonar i Portugal og England, og på college-radioar i USA. Men ingen av kanalane har fått lov til å spele songen før han er lansert her til lands. Det skjer på Hilmar Angres kafé på Akkerhaugen stasjon.

- Eg er nervøs og kjenner at no må eg prestere, seier Rugaas Pettersen, og ser for seg sin fyrste soloopptreden.

AKKERHAUGEN IDOL

27-åringen har hatt interesse for song sidan ho var lita. Det er kanskje ikkje så rart at musikken ligg i blodet med ein far frå Notodden blues band, Jan Sigurd Pettersen. Ho har sunge mykje blues og mellom anna stått på scena med bluesstjerna Rita Engedalen. Med tvillingar på tre år, steson på 10 år og fulltidsjobb som marknadsansvarleg i Kanalen har ikkje musikken kome i fyrste rekke dei siste åra. Men no satsar ho.

- Det heile byrja for moro skuld med den lokale konkurransen Akkerhaugen Idol, seier songfuglen.

Der gjorde ho reint bord og hennar musikalske talent blei så godt lika at kreative krefter i musikkmiljøet på Akkerhaugen skreddarsydde songen «Backstabber» til ho. Resultatet blei så bra at musikkmiljøet på Akkerhaugen tok i bruk alle sine kontaktar omkring verda for å spreie den poppa og radiovenlege låten.

HAR MED SEG BAND

Songtalentet frå Akkerhaugen fortel at ho har beina godt planta på jorda.

- Blir «Backstabber» tatt godt imot vil eg ut med album raskt. Eg har ikkje eigne songar enno, men fleire låtidear, seier ho.

Etter sleppet er fyrste speleoppdrag på Festiskogen på Akkerhaugen. Ho håpar sjølvsagt på fleire oppdrag utover sommaren.

- Kven er forbilda dine?

- Har ikkje eit spesielt idol. Eg har alltid sunge Celine Dion-songar, men det er mest for å utfordre stemma mi. På konserten laurdag får ein høyre songar av både Nancy Sinatra og Pink. Eg er eigentleg glad i all musikk, seier Rugaas Pettersen, som brukar artistnamnet Eva Pettersen.

Ho har aldri sett på seg sjølv som ei blues-jente, og fortel at ho blir meir dratt mot pop og rock.

SKUMMELT

- Men ein kan gjere mykje innanfor blues reint vokalmessig, seier songaren.

Det er Ottar Langåsdalen og 3812 Music som har produsert låten. Opplaget er på tusen. Med seg på laurdagens konsert har ho Magnus Lillefjære på trommer, Knut Olav Sandvik på bass, Jan Birger Akkerhaugen på gitar og Ottar Langåsdalen på syntheziser.

- Eg har ikkje gjort noko slikt før. Det er skummelt at eg er trekkplasteret, men håpar eg sjølvsagt at så mange som mogleg kjem, avsluttar ho.

Artikkeltags