Bli betre kjent med turistperla Besso

GRUNDIG INNFØRING: Bitustøyl har gått grundig til verks. I den rikt illustrerte boka får lesarar nærare kjennskap både til tida før Besso, historia til hytta og dei ulike periodane med skiftande vertskap.

GRUNDIG INNFØRING: Bitustøyl har gått grundig til verks. I den rikt illustrerte boka får lesarar nærare kjennskap både til tida før Besso, historia til hytta og dei ulike periodane med skiftande vertskap. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

«Frå Bessebu til Besso» heiter boka som tek for seg livet i og omkring turisthytta på Hardangervidda, og det er Kjell Bitustøyl som er forfattaren bak. Før helga henta han boka hjå trykkeriet.

DEL

Midt på Hardangervidda, fem timars gange frå næraste bilveg, ligg den privateigde turisthytta Besso. Her har fotturistar gjennom åtti år hatt tilbod om husrom og ein matbit.

Kjell Bitustøyl har vandra inn og ut av Besso sidan han sommarstid arbeidde som dreng der i ungdommen. Lenge har han bore på tankar om å skrive bok om staden.

– Ja, for Besso er ei unik turisthytte, med ei heilt eiga atmosfære, slår forfattaren fast. Mellom anna fordi det sidan dag éin har vore stølsdrift på staden. Åtti år seinare kan vertskapet på Besso framleis freiste gjestene sjølvkinna smør, rome og frisk mjølk saman med fersk aure frå Nordmannslågen.

For to år sidan tok Bitustøyl sats og søkte Norsk Faglitterær Forfattarforeining om støtte til å gjera denne boka. Han fekk grønt ljos, og dermed var arbeidet i gang.

I dag hentar Kjell Bitustøyl den rykande ferske boka hjå trykkeriet.

RESSURSRIKDOM

Den naturlege ressursrikdomen i området kring Besso gjorde staden til eit ynda mål også mange hundre år tilbake i tid. Dei eldste skriftlege kjeldene stammar frå 1500-talet, og omhandla ei tvist kring rettigheitane til fiskevatnet Nordmannslågen - «Det beste fiskevatnet på Hardangervidda», jamfør Kjell Bitustøyl. På 1700-talet sette jegarar og fiskarar opp steinbua Bessebu på staden.

For fotturistane som gjekk mellom Eidfjord og Mogen på midten av 1800-talet, var Bessebu einaste overnattingsstaden i området. Det finst augnevitneskildringar frå denne tida, ført i pennen av to engelskmenn, som ved ulike høve i 1848 og 1856 kryssa Hardangervidda i fylgje med hestar og kjentmann.

– Det var før romantikken dette, så britane skildra landskapet som aude, stusseleg og goldt, humrar Bitustøy

FOTTURISMEN GJER INNTOG

I byrjinga av 1900-talet tok fotturismen for alvor til på Hardangervidda. Turisthytter kom til mange stader, dei fleste oppførte av eidfjordingar. Frå Eidfjord kom også Margareta og Ola Sæbø som bygde turisthytta på Besso i 1934, og eigarskapet og drifta skulle bli i familien i seksti år og gjennom to generasjonar.

I 1994 tok Knut og Aud Hamre over drifta. Hamre er spelemann og har eit stort kunstnarnettverk, og gjorde Besso til åstad både for spelemannstreff og kurs av ulike slag.

I dag er hytta driven av eigarane Odd Anders og Hege Fjeld og Jeanne og Anders Finsrud frå Siljan. I fjor fekk dei ein svært heiderleg andreplass i kåringa av beste mathytte til fjells.

– Det skjer noko med folk når dei kjem utanfor allfarveg, dei girar ned og slappar av, meiner Kjell Bitustøyl. Han fortel at dei nye drivarane har eit namn på det: «Bessomodus».

– Eg var på vitjing ein sommar, og la merke til at drivarungane hadde med fjernsyn, video og spel, men seksåringen fekk ansvar for hønene og fekk det så travelt med det at fjernsynet stod urørt, smiler Bitustøyl. Og tolvåringen hadde lært seg å mjølke, og skulle til å spa ut kumøkka.

– Dette er vel den kjedelege delen, spurte Bitustøyl.

– Ingenting her på Besso er kjedeleg, repliserte tolvåringen kjapt.

Artikkeltags