I år er det hundre år sidan hardangerkomponisten Geirr Tveit og forfattaren Olav H. Hauge såg dagens ljos. I det høve har Telemark messingensemble og Voss-artisten Berit Opheim gått saman om framsyninga «Songjen i fossaduren».

- Opheim meistrar i alle fall vossamålet, seier kunstnarisk leiar i Telemark messingensemble, Arnulf Naur Nilsen.

UVANLEG BLANDING

Opheim kjem frå Voss og er utdanna kvedar og songar. Etter å ha vore fylkesmusikar i Hordaland livnærer Opheim seg som frilansar. Ho har heldt konsertar i ut- og innland. Mellom anna med Rikskonsertane. Ho har også vore med på fleire plater. I 2005 mottok ho statens kunstnarstipend.

- Det er spesielt med kveding og messing på same tid, seier Gunn Steinstad, som er med i arbeidsutvalet i Telemark messingensemble.

Telemark messingensemble kom i gang i 2001 og har heldt mange konsertar etter den tid. Dei har mellom anna spela i lag med Jan Eggum, Sigvart Dagsland, Torgeir Fossland og Sondre Bratland.

BØ OG SELJORD

Telemark messingensemble held ein høg telemarksprofil. Dei ti musikarane har ein link til fylket vårt.

- I ensemblet er det kulturskulelærarar frå Telemark og musikarar som er knytt til Telemark, seier Guri Røsok, som sit i arbeidsgruppa i Telemark messingensemble.

Opheim og ensemblet kjem til Bø kyrkje torsdag 11. september. Dagen etter skal dei opptre på Dyrsku'n.

- Me skal ha eit fellesnummer med Torgeir Strand, som heiter «Fela», seier Steinstad.

Same kveld har dei ei større framsyning på Kunstlåven i dyrsku-bygda.

Ensemblet har tidlegare spela verk av mellom anna Olav Kielland, Henrik Ødegård og Jon Rørmark.