Fleur Krist (24) og Maaike van Veen (51) har i fem år studert kunstmåling ved Klassiske Academia van Beeldende Kunst in Groningen i Nederland. Dei har no teke mastergrad og er ferdige med studien. Ved avslutninga gjekk dei til topps i ein intern konkurranse kalla «Prix de Norvège».
Det er nederlendaren og kunstsamlaren Egbert Pitjers, busett i Molde, som etablerte konkurransen for ni år sidan. Juryen består av tre professor i kunst. I år gjekk Fleur og Maaike heilt til topps.
Vanlegvis er premien eit opphald på Vestlandet, men denne gongen fall valet på Telemark og Bø. Bakgrunnen er at kvinnene ikkje ønskte å reise med fly av miljømessige årsaker. I staden tok dei den nyetablerte båtruta til Kristiansand og så toget til Bø. Der har dottera og svigersonen til Egbert hytte på Lifjell.
Maaike er sivilingeniør og arbeider i vatn- og avløpsetaten i heimlandet tre dagar i veka. Dei fire andre dagane er ho kunstnar. Fleur ønskjer å leve av måling, kombinert med privatundervisning i denne kunstarten.
Tråla regionen
Dei to kunstnarane kom til Bø og Lifjell fredag kveld. Alt klokka 06 laurdag morgon starta jakta på nye motiv. I løpet av fire dagar har kunstnarane laga 8-10 måleri kvar pluss mange skisser. Desse er henta inn frå Jønnbu på Lifjell, Bø Museum og eplehausting i Sauherad, Telemarkskanalen i Nome, Heddal stavkyrkje og Tokke, med både stavkyrkja og Dalen hotell.
Onsdag morgon sette dei seg på toget frå Bø til Kristiansand, for å ta båten tilbake til heimlandet. Planen er å lage større måleri av motiva dei har henta inn under opphaldet i Telemark og presentere desse på ei utstilling i skøytebyen Herenveen i Holland i mars neste år. Kvinnene fortel at dei også har planar om utstilling i Tyskland. Prislappen for motiva blir truleg i området 20 000 - 30 000 kroner.
Dei to kunstnarane skal elles blant anna vere med på ei utstilling om Ukraina, der tittelen er «Mellom håp og desperasjon».
Egbert Pitjers, som stifta prisen, seier til TA at han er imponert over kunstnarane. Dei har synt ein iver og produktivitet under opphaldet i Telemark som er i særklasse.
Fantastisk mottaking
Kvinnene sjølv fortel at dei har fått ei fantastisk mottaking i Telemark, og at det er veldig inspirerande å arbeide i dette området.
- Det blir veldig fine motiv med fjell og skyer, seier kunstnarane som brukar både blyant, oljemåling og akvarell i arbeida sine. Fleur nyttar òg eit nytt digitalt verktøy på Ipaden som gjev spennande resultat.
- Kjem de tilbake til Telemark?
- Definitivt, avsluttar dei to blide kunstnarane frå Nederland.