Gjennom ordninga med frivillig retting kan du i ettertid melde frå om formue og inntekt som du ikkje har oppgjeve til Skatteetaten. Dei som får godkjent frivillig retting må betale skatten dei skuldar pluss renter, men slepp straff i form av tilleggsskatt og mogleg politimelding.

I løpet av 2020 vart det ferdigbehandla 304 saker som resulterte i ei auke av skattbare inntekter på 164 millionar kroner og formuar på 4,1 milliardar kroner. I 2020 kom det inn 212 nye saker. Det melder Skatteetaten.

I Vestfold og Telemark resulterte 31 ferdigbehandla saker i ei auke i skattbare inntekter på 1,6 millionar kroner og formuar på 33 millionar kroner.

­– Størstedelen av sakene handlar om økonomiske forhold i utlandet. At vi får meir informasjon frå andre land gjer det vanskelegare å skjule verdiar i utlandet, seier divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal i ei pressemelding.

For å få godkjent frivillig retting må du gje opplysingar til Skatteetaten på eige initiativ med ei fullstendig oversikt over alle verdiar du eig. Du kankkje melde frå etter at kontrolltiltak er sett i verk eller varsla om.