Vil gi familiefar (50) sju år i fengsel

Artikkelen er over 2 år gammel

SKIEN: Aktor Per Halsbog la ned straffepåstand om sju års fengsel til den overgripstiltalte familiefaren (50) frå Vest-Telemark.

DEL

Straffepåstanda er med dette lik dommen tiltalte fekk i Vest-Telemark tingrett i januar. Dommen var eigentleg på åtte år, men med fråtrekk på eitt år på grunn av lang sakshandsamingstid. I tingretten var vesttelen tiltalt på sju punkt, der han delvis erkjente fire av forholda og vart dømt for dei. Ankesaka i Agder langmannsrett den siste veka har derfor omhandla dei tre grovaste punkta i tiltalen, som vart anka: valdtekt, seksuell omgang med barn under 14 år og seksuell omgang med eigne barn.

- Det har vore same bevisføring og same tematikk som sist, fortel Halsbog til TA etter avslutta prosedyrer fredag. Måndag er det domsavseiing. Saka har før dette lege og venta på behandling sidan 2014. 

Artikkeltags