- Dette slo alle rekordar. I fjor var det 350 menneske på sleppet – i år blei det over 400. Det kom 125 bilar til gards pluss syklistar og gåande. Det er moro, seier Niri Hegnastykket i Kurompa Samdrift til TA. Han står bak drifta saman med kona Hege Hegnastykket og foreldra Anne Grethe og Arne Hegnastykket.
Det er Bø Bondelag og Bø Bygdekvinnelag som arrangerer kusleppet, med mjølkebøndene i Øvre Bø som vertskap.
Før dei kring 60 kyrne kom ut på beite frå lausdriftfjøset, fortalte Niri at på garden produserer dei årleg kring 470.000 liter med mjølk og om lag 14 tonn med storfekjøt.
Rivande utvikling
Kusleppet er veldig populært både for store og små. Bakgrunnen er enkel: Kyr på beite i midtfylket er nesten ein sensasjon. Medan det på 1950-talet var over 300 leverandørar av mjølk til Bø Meieri, er det i dag berre to mjølkebønder igjen i bygda, Kurompa Samdrift pluss ekteparet Solvor og Jan Helge Folkestad.
Gratis pølser
På sleppet selde representantar for bygdekvinnelaget sveler. Ved grillen stod Bent-Iver Berglund Staurheim og serverte gratis pølser.
- Dette blir sponsa av Nortura og Tine, seier den blide bonden.
- Kor mange pølser har det gått med i dag?
- Det har eg ikkje talt, svarar Berglund Staurheim med det vanlege glimtet i auget. Bak han var det ein lang kø av svoltne gjester.
Lange tradisjonar
Garden Gravjord har lange tradisjonar som mjølkebruk. Den vore i slekta til familien Hegnastykket sidan 1896. Da sat Nils Torjusson Gravjord med garden. Sonen Torjus Gravjord tok over i 1956 og 20 år seinare blei eigedomen teke over av familien Hegnastykket.
Også på denne garden har det vore store endringar. I farne tider var det gjerne 1 hest, seks kyr og nokre ungdyr på Gravjord, eller rundt ein tiandepart av dagens buskap.