Litt vårkjensle i Drivarbekkdalen

I ARBEID: Etter ein lang periode med sterk kulde, er det godt å arbeide litt ute att, forsikrar Torkjell Dyrland heime i Drivarbekkdalen.

I ARBEID: Etter ein lang periode med sterk kulde, er det godt å arbeide litt ute att, forsikrar Torkjell Dyrland heime i Drivarbekkdalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Ei ny kuldebølgje feiar over austlandet igjen. Men med temperaturar opp til minus 37 tidlegare i vinter, gjev det meste under 15 kalde litt vårkjensle.

DEL

Slik er det i alle fall i Drivarbekkdalen. Og Torkjell Dyrland er glad for å endeleg kunne komme seg på utsida av husets fire veggar og tenkje på anna enn å leggje ved i omnen.

- Ja, omnen har jammen fått køyrd seg dei siste vekene, kan han konstatere. Då det stod på som verst på nyåret, måtte han opp fleire gonger om natta for å leggje i.

- Ein fekk ikkje gjort noko. Som snikkar kunne eg ikkje jobbe heller, fortel Dyrland, tydeleg glad over å ta eit tak med snøskuffa heime i tunet att.

42 MINUSGRADER

Men folket i Drivarbekkdalen blir hardhuda av det kalde og tøffe veret. Og sjølv om det merkast på kroppen når termometeret har halde seg på trettitalet over lengre tid, har Dyrland hatt det kaldare også.

- I 1982 var det 42 minus. Då fraus vatnet. Det var verkeleg tungvint, så eg skal ikkje klage denne gongen, poengterer Dyrland, som fortel at bygda på 700 meter over havet ikkje er bortskjemd på mildvær, verken sommar- eller vinterstid. Torkjell Dyrland har ført værstatistikkar fleire år tilbake.

- Det er mange år sidan eg testa ut badevatnet her. For det er ikkje langt unna at isen ligg sommartid heller. Og sist sommar var det veldig kjølig, minnest Dyrland, og blar i boka. 22. juli har han notert at termometeret synte 0.

MANGE VATN

Drivarbekkdalen i Vinje er blant dei aller kaldaste stadene i Telemark. Dei mange omkringliggjande vatna skal visst vere ei sentral årsak til det.

- Ja, dei seier så. Høge fjell og djupe dalar, med mange små og store vatn på alle kantar hindrar visst varmen å sleppe ordentleg til, fortel Dyrland, godt vand med at snøen kan liggje til langt ut i juni og at kuldegradene har sett seg tidleg i september.

- Vintertemperaturar på mellom 20 og 25 minus er normalt. Men det er heldigvis lenge mellom kvar gong det ligg opp mot 40 minus og over ein lengre periode, forsikrar Dyrland som likar kjensla av dei litt lengre og varmare dagane som har vore nå innimellom.

RACER PÅ SUDOKU

- Ja, me får tru det verste er over. Det uansett er godt å vite at det går mot ljosare tider, slår Dyrland fast. Denne vinteren har han blitt ein racer på sudoku og det er ikkje mange fjernsynsseriar som har gått han hus forbi.

- Også får me håpe det er lenge før me skal bruke varmedressen som pysj att, humrar Dyrland.

Artikkeltags