Vrådal Kraft på nettet

Artikkelen er over 12 år gammel

KVITESEID: Det første av tre småkraftverk i regi av Vrådal Kraft AS er sett i drift. Når alle tre står ferdige neste år, blir årsproduksjonen om lag 9 GWh, nok energi til å forsyne bortimot 500 husstandar.

DEL

Det er det største av dei tre, Flatlandsåi, som alt er på nettet. Der blir vatnet frå Ånevatn og Ljosvatn på heia mot Bandak etter eit fall på 330 meter gjort om til 5,2 GWh. Under utbygging er to småkraftverk i Heiåi og Mærdalsåi på vestsida av Vråvatn. Samla investering er rekna til rundt 19 millioner kroner. Avtakar er Vest-Telemark Kraftlag.

Tre grunneigarar i Vrådal har gått saman om denne relativt store utbygginga av småkraftverk. Det er John Flatland, som har det daglege tilsynet med det nystarta kraftverket, Gunnar Wraa og Inge Fjalestad. Å gå saman om eit aksjeselskap har gjort finansieringsspørsmålet enklare, fortel Flatland som hugsar attende til den tida da Flatlandsåi gav kraft til ei vassdriven gardssag, og tanken om eit kraftverk her er heller ikkje ny. Den er langt eldre enn Skafså Kraftverk som lagar straum i større målestokk i det same vassdraget.

”Grøn” energi

Det har vore mykje diskusjon om ”grøne sertifikat” ved utbygging av mini- og småkraftverk, eit tiltak som skulle oppmuntre til lokal produksjon av ”rein” energi. Den grøne regjeringa sa nei til grøne sertifikat, men har lova å koma med ei anna ordning som kan ha same effekt, truleg eit opplegg med ein garantert pris.

Småkraftproduksjonen i Vrådal har minimale skadeverknader på miljøet. Den tre kilometer lange rørgata som entreprenør Helge Arild Askje har bygd, skal fyllast att og bli så godt som usynleg. Heller ikkje vil utbygginga skade fisket, og i alle tre åene er ein pålagt ei minstevassføring.

Sett i gang!

Etter at Vest-Telemark Næringsutvikling tok opp saka for å skape interesse rundt utbygginga av ny kraft, reknar ein med at det i Vest-Telemark er kanskje så mange som 30-40 moglege prosjekt.

- Fleire tel på knappane. Vil de tre som står bak denne utbygginga anbefale dei å gjera likeeins?

- Anbefale? Eg skulle gjerne truge dei til å gå i gang! seier økonomen Gunnar Wraa.

Artikkeltags