Vil samarbeide om brev til miljøvernministeren

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

Med utgangspunkt i denne saka har Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) tatt initiativ til å sende eit brev til miljøvernminister Erik Solheim (SV).

I brevet vil han oppmode statsråden til ei praksisendring som i større grad vil sikre interessene til grunneigarane. Sjølv fører han pennen i brevet, men målet er å få med heile telemarksbenken på dette.

POLITISK BREIDDE

- Sjølv om privat eigedomsrett er viktig for Høgre, og me kan vere uenige med regjeringa om mykje, er dette ikkje først og fremst ei partipolitisk sak. Kritikken mot DN har komme frå fleire hald, og somme har også tatt til orde og hevda at direktoratet driv politikk. Arne Vinje frå SV og eg er også heilt på linje i denne saka. Det handlar først og fremst om at DN ikkje i tilstrekkeleg grad held seg til dei politiske signala som kjem, seier Røe Isaksen.

Han er såleis positivt overraska over at DN i siste time ønskjer å møte grunneigarane.

OVERKØYRDE

- I det arbeidet som låg føre hadde DN sett bort frå alle politiske styringssignal. Utkastet er ein forvaltningsplan som fullstendig overkøyrer grunneigarane og vil gjere det svært vanskeleg for grunneigarane å utnytte ressursane som ligg i utmarka, presiserer han.

Røe Isaksen hevdar at planen per dato har strengare reguleringar for nokre område enn andre, og då blant anna Brattefjell-Vindeggen. Han håpar møtet vil kunne få eit heldig utfall for grunneigarane, men minner om at historikken i planprosessen på ingen måte er unik.

- DN har fått kritikk også i tilsvarande saker. Ein har alt for mange døme på at DN opptrer som ein stat i staten, seier Høgrerepresentanten, som med støtte frå telemarksbenken ønskjer å gjere ein innsats for å endre denne praksisen.

STØTTAR INITIATIVET

Stortingsrepresentant Terje Lien Aasland (Ap) er positiv til brevet og er med på tanken om ei tverrpolitisk fellessending.

- Det er eit godt tiltak. Og det er behov for ein balansegang, slik at dei som sit på eigedommar med nærings- og inntektspotensial i større grad bør få moglegheit til å utnytte desse. Men det er også viktig å understreke at dette ikkje må gå på kostnad verneområda, seier Ap-representanten.

Artikkeltags