Vil nekte 1 prosent-klubbar adgang

Kan nektast: Wings and Wheels i Lunde kan kome til å nekte 1 prosent-klubbar om politikarane får vilja si.

Kan nektast: Wings and Wheels i Lunde kan kome til å nekte 1 prosent-klubbar om politikarane får vilja si. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

NOME: Formannskapet i Nome oppmodar Wings & Wheels i Lunde til å nekte visse mc-klubbar adgang til arrangementet.

DEL

Nome-politikarane meiner Wings and Wheels i Lunde klart og tydeleg skal kommunisere at visse MC-klubbar er uønskt på arrangementet.

Både i marknadsføring og i kommunikasjon med gjester. Klubbane dette gjeld er Hells Angels, Bandidos, Outlaws, Coffin Cheaters, Gipsy Jokers, Devils Choice og Vikings.

UØNSKT I NOME

I 2011 var kommunestyret i Nome bekymra for utbreiing av kriminelle MC-miljøa, og rekrutteringa til desse. Kommunestyret meinte at desse gruppene veks trass i betydeleg politiinnsats.

– Det tydar på at politiinnsats aleine, ikkje er tilstrekkeleg for å førebyggje etablering, og bekjemping av slike miljø, konkluderte politikarane da.

Nome kommunestyre erklærte da at kriminelle MC-miljø som organiserar motorsykkelentusiastar som stiller seg på utsida av de lovar og reglar som gjeld for samfunnet, er uønskt i kommunen.

heiste banner

Nå er motorsykkelklubbar tema att. Nome kommune meiner det under fjorårets arrangement mellom anna blei heist bannarar til støtte for «1 prosent-klubbar». Rådmannen meiner dette kan tolkast som ei openbar profilering av den aktuelle klubbverksemda og dermed også som eit rekrutteringstiltak.

– Dette er i så fall direkte i strid med kva kommunen ønskjer for arrangementet Wings & Wheels, skriv rådmann Bjørn G. Andersen i si innstilling til politikararne.

LES OGSÅ: Klarer ikke bevise ulovlig bruk

LES OGSÅ: Frykter mc-klubb i boligstrøk

LES OGSÅ: Shaman MC flytter fra Herre

- LITE PROBLEM

Ove Tinnesand, som sit i styret i Wings & Wheels, fortel at temaet ikkje er nytt sidan saka var oppe i 2011 også.

– Viss me skal nekte nokon, så må det vere i samarbeid med politiet og kommunen, seier Tinnesand.

Han fortel at ingenting er avklara og at styret jobbar med saka.

– Wings & Wheels har lite problem med 1 prosent-klubbar, seier Tinnesand.

Fleire motorsykkelstemne i Noreg vil ikkje ha profilering av 1 prosent-merker på sine arrangement, men medlemmar kan kome utan å syne logoen sin.

– Det må i så fall bli eit profileringsspørsmål for oss også, seier Tinnessand.

UNDER OPPSIKT

Politioverbetjent i feltet organisert kriminalitet, Skule Worpvik, synest tiltaket til Nome-politikarane er godt. Han fortel at det er 1 prosent-klubbar er eit miljø politiet held under oppsikt med i Telemark.

– Me har fanga opp at det har vore ikkje-ønskeleg oppførsel med vald og narkotika, seier han. Han fortel at 1 prosent-medlemmer kan markere seg opp mot andre klubbar på stemner og festar.

– klart og synleg

– Me får meldingar frå mc-folk som ikkje er medlem av 1 prosent-klubbar, seier han.

Worpvik meiner tiltaket Nome-politikarane vil ha i gang kan ha ein førebyggande effekt.

– Det er eit klart og synleg standpunkt, seier politioverbetjenten.

LES OGSÅ: Shaman-medlem tatt i narkotikasak

LES OGSÅ: Kaster ut motorsykkelklubb

LES OGSÅ: Verver offensivt til Bandidos-systemet

Artikkeltags