Med det vesle ein såg, var det lite folk å finne ute. Men brørne Elias (9) og Edvin (4) Larsen Enger let seg ikkje stoppe av lågtrykket. Dei har tatt turen frå Nøtterøy for å feire det nye året på fjellet, og våt snø er da betre enn ingen snø, meinte dei.

– Me har funne ein kjempefin akebakke, kunne dei fortelje og synte velvillige fram den bratte nedfarten i skogholtet.

– Æsj, det gjekk fortare i går, kunne dei meddele etter første turen, dog godt nøgde med å komme seg ut ein tur.

– Får da herja litt frå seg her, kunne pappa Flemming Enger nøgd konstatere medan gutane baska seg opp mot toppen av bakken gong etter gong.

– Det gjer uansett veldig godt med litt fjelluft, seier han.

– Og snø er veldig gøy, skyt Edvin inn og nyter utelivet.