Gå til sidens hovedinnhold

- Ungdom vil vere på nett heile tida

Artikkelen er over 14 år gammel

I to dagar har Helene Fellmann førelest om spelemani i Seljord. Spesialisten karakteriserer nettmanien som del av ein ny kommunikasjon blant unge.

Både skuleelevar, foreldre, kommunalt tilsette og andre interesserte har denne veka tatt del i seminaret og tileigna seg ny kunnskap om spelemani blant unge.

OGSÅ POSITIVT

- Ny teknologi og nye måtar å tenkje på gjer at hangen til å konstant vere på nett er så utbreidd blant dei unge. Slik karakteriserer Helene Fellmann nettmanien, som ho ikkje berre meiner er negativ.

- Det kan vere både lærerikt og underhaldande å vere mykje på nettet. Men når behovet for å delta i den verkelege verda uteblir, då er det på tide at den raude lampa blinker, hevdar førelesaren.

UTFORDRING

Ifølgje Fellmann er det slutt på den tida då det å sjå på tv blant den oppveksande generasjonen, er den store kveldssyslen.

- Dagens ungdom er ikkje passive tilskodarar, men aktive mottakarar vil difor vere på nett heile tida. Dette gjeld om det er gjennom msn, Facebook, nettmøte eller spel, seier Fellmann. Ho meiner data og dataspel er endå ei ny utfordring for tenåringsforeldre.

- Det er som med alt ein driv med; noko av alt er bra, men blir ein fullstendig besett er dette uheldig. Slik er det om det er snakk om arbeid eller fritidssyslar, seier Fellmann, og meiner dette gjeld for interessa i dataverda også.

INFORMATIVT

Helene Fellmann er fagleg leiar for eit treårig prosjekt som arbeider for å utvikle behandlingsprogram for ungdom med speleproblem. Av den store andelen nettspelande ungdom, utviklar berre eit fåtal problem.

Seminaret la difor vekt på å informere tilhøyrarane om det som går føre seg bak skjermane og korleis ein kan forhindre at nettmanien blir problem.