Sinte grunneigarar

FEKK KRITIKK: Anders Mossing, dagleg leiar på villreinsenteret på Skinnarbu, har jobba med å kartleggje beitemønsteret til villreinen. Han fekk kritikk for ikkje å ha høyrt på lokale talsmenn.

FEKK KRITIKK: Anders Mossing, dagleg leiar på villreinsenteret på Skinnarbu, har jobba med å kartleggje beitemønsteret til villreinen. Han fekk kritikk for ikkje å ha høyrt på lokale talsmenn. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Fleire grunneigarar kjenner seg overkøyrde i prosessarbeidet med fylkesdelsplanen for Hardangervidda.

DEL

Planarbeidet omfattar heile Hardangervidda med tre fylke og ni kommunar. Fylkestinga har fatta vedtak om planprogram. Avklaring av rammer, behov for utgreiingar og opplegg for prosess og gjennomføring er også på plass. Men dei som jobbar med planarbeidet vil framleis ha innspel frå innbyggarar og grunneigarar.

- Me vil ha ein heilheitleg plan for områda der villreinen lever og ein kontroll over bruken av områda, seier Vinje-ordførar Arne Vinje.

- PRØVING OG FEILING

Prosjektleiar Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune fortel at kommunane må vere vakne og delta i planarbeidet.

- Dette handlar også om næringsutvikling. Hardangervidda er eit av dei viktigaste villreinområda. Her kjem det til å bli ein del prøving og feiling undervegs, seier ho.

Korvald meiner det er rett at staten har delegert dette til fylkeskommunen og at arbeidet skal fylgje plan- og bygningslova.

- Prosessen blir krevande når ni kommunar skal bli foreint om ein plan. Planarbeidet starta i fjor, men det viktigaste er å gå ned på arealbruken. Det skal me til på no. Dette handlar ikkje om verneområda, der er det alt planar og vernetiltak. Me byrjar i kanten av dei. No er spørsmålet kor langt me skal gå ut frå dei. Me har brukt god tid på planprogrammet. Poenget med det er å lage ei skisse over korleis denne prosessen skal utførast, seier prosjektleiaren.

FERDIG INNAN 2011

Hovudfokuset i planen er å avklare planens yttergrenser, kunnskap- og faktadel, planprinsipp, hovudtrekk i framtidig arealbruk, konsekvensvurdering, og behov og rammer for oppfylgingstiltak.

- Kor langt ut i bygdene planen skal gå har blitt diskutert mykje. Områda utanfor reinens leveområde kan også påverke, me må sjå kor langt utanfor leveområde ein påverkar, seier prosjektleiaren.

Ho legg vekt på at kartlegging av villreinen er ein del av arbeidet.

- Me vil finne ut kor andre ting må prioriterast framfor reinen, slik som landbruk, vegspørsmål og utbygging. Når me har fått innspel frå alle kommunene må me sy saman ein felles plan og så tar me sikte på å vere ferdig innan utgangen av neste år, seier ho.

Anders Mossing er dagleg leiar på villreinsenteret på Skinnarbu. Han fekk kritikk av fleire av dei frammøtte på folkemøtet for ikkje å ha høyrt på grunneigarars innspel om kor villreinen beitar.

- Me har forsøkt å kartlegge potensielle område som tar opp framtidige krav til villreinareal. Det er viktig å hugse på at me har gjennomført ei regional kartlegging meir enn ei lokal kartlegging, seier han.

- Det fyrste de bør gjere er å spørje om grunneigarane er interesserte før ein lagar planar. De må ikkje vere så naive og seie at de skal lage eit område rundt det området som alt er laga som eit turistområde. Det undrar meg at villreinssenteret ikkje spør folk rundt her som kan mykje om dette. De burde sjå kva straffeloven seier om å gripe inn på andres eigedom, seier grunneigar Bjørn Skinnarland.

- Me treng ei gransking av miljøverndepartementet. Dette er ikkje ein rettsstat verdig å drive med. Nasjonalparkane er til for sal til turisme, fylgde grunneigar Harald Kvålen opp.

Det blei også reagert på at det berre er politikarar som sit i styringsgruppa i prosjektet.

Artikkeltags