Sjølv om det er ei ambisiøs arbeidsoppgåve ho har tatt på seg, bidra til å opprette fleire nye arbeidsplassar i bygda, auke elevtalet på skulen med 20 prosent og syte for eit betre samarbeid mellom dei snaue 300 menneska som bur i Øyfjell, let ho seg ikkje vippe av pinnen. For bygda har den nye prosjektleiaren meir enn god tru på.

SPENNANDE

Ein spennande og lærerik jobb var framfor alt utslagsgjevande til at Silje Hegg pakka sekken sin etter seks og eit halvt år i vestlandsmeteropolen Bergen. Det pulserande kafé- og utelivet er no bytt ut med skiturar og snørike vintrar i ei fredeleg ramme. Og sjølv om kvinna tek eitt år av gongen, nektar ho ikkje for at heimlengsla til Vinje alltid har vore der, men at ho måtte stokke litt om på kabalen og planane sine, før ho slo til.

- Eg var jo ein bygdepatriot som flytta til byen. Men har trivast over all forventning. Eg ser sterke fordelar i byen så vel som på bygda, men eg merka at engasjementet mitt visna litt der ute i folkemengda og var klar for å gjere noko aktivt. Og sjansen som prosjektleiar var vanskeleg å takke nei til, seier Silje, som er meir enn klar for å gjere ein innsats for den vesle bygda.

- Det er sterke folk med ein sterk kultur som har tru på staden sin. Utan engasjementet frå grasrota ville det heller ikkje blitt noko prosjektstilling eller Øyfjell City, fortel Silje.

ØYFJELL CITY

For ettersom folketalsutviklinga lenge hadde peika nedover og prognosane for framtida til skulen såg heller labre ut, rusta bygdefolket opp til kamp for å verne om bygda si. Det resulterte etterkvart i eit fireårig prosjekt med arbeidstittel Øyfjell City. Med billige hustomter og andre kommunale goder, går prosjektet i hovudsak ut på å få fleire til å flytte til bygda.

Og med ein prosjektleiar som kontaktperson, seljar, initiativtakar, administrator, og kort sagt det meste, er ho så smått i gang med å fylle arbeidsoppgåvene sine.

- Vegen blir litt til medan ein går. Her er mange ballar i lufta, spennande folk, landskap og kultur med store potensial, seier ho, litt avventande til korleis arbeidet blir i praksis.

- Eg har vore med på mitt første bygdemøte og blitt tatt vel i mot, fortel Silje, som akkurat no synest vere akkurat der ho vil vere.

BEREIST EVENTYRAR

For den bereiste kvinna, som vaks opp i Åmot på 1980- og 90-talet, har fått med seg litt kvart av smått og stort som kan vere nyttige kunnskapar i arbeidet som no ligg føre.

- I tillegg til åra i Bergen har det vore folkemusikkstudie i Rauland, studieopphald i Mexico, arbeidserfaring på nordlandsøya Røst før feltarbeidet i Irland tok til, seier Silje, som alltid har vore svak for små bygdesamfunn.

- Eit halvt år budde eg på Inishbofin i Vest-Irland, eit lite øysamfunn på knappe 200 menneske. Både måten dei organiserte seg på og heldt saman, har spennande parallellar og motsetnader til kvardagen i Øyfjell, seier Silje om feltstudien sin, som danna kjernen i mastergraden hennar i Sosialantropologi.

AFRIKAJOBB

Og sjølv om nok eit eventyr lokka, vog ønskje om relevant arbeidserfaring så tungt at til og med Afrikaturen vart bortprioritert.

- Eg hadde tilbod om å jobbe som dagleg leiar på ein camp i Sør-Sudan. Det hadde sjølvsagt vore svært interessant, både arbeidsmessig og med omsyn til folk og miljø. Men då ville Øyfjellstoget ha gått, og eg måtte sett meg om etter jobb att når kvardagen kalla tilbake, smiler ho, godt nøgd med valet ho tok.

- Sjølv om Vinje meir var påtenkt som ein endestasjon ein gong i framtida, må ein smi mens jernet er varmt og gripe sjansen når han byr seg, seier Silje. For kvinna som er fleire gonger Noregsmeister på seljefløyte, er tilbake på trygg grunn og kan meir enn nokon gong boltre seg i musikk, kultur, folk og natur. Som både ligg arbeidet og hjarta hennar nær.