Vil granske rutinane etter at mann med kniv kom inn på skuleområdet

Artikkelen er over 2 år gammel

SELJORD: Torsdag gjekk ein mann med kniv inn i skulegarden i Seljord sentrum, der han etter kort tid blei pågripen av politiet. Nå vil kommunen sjå nærare på rutinane dei har ved uønska hendingar.

DEL

Det var i går klokka 13.30 at det blei observert ein vaksen mannsperson med kniv på innsida av skulegarden.

Både elevar og lærarar blei engstelege da dei oppdaga den framande mannen, opplyste politiet, som blei tilkalla ved hendinga.

I ei pressemelding fredag presiserar Ronde Ingeberg Schade, kommunalsjef for skule og oppvekst i Seljord, følgande:

«Politiet blei kontakta og pågripinga gjekk roleg for seg 10 minutt seinare. Personen truga ingen og har i ettertid beklaga hendinga.

Dei eldste elevane på skulen var i klasseromma sine heile tida og var ikkje omfatta av hendinga. Dei minste elevane på SFO var på baksida av skulen og blei henta inn av lærarar, men dei oppfatta ikkje situasjonen.
For å sikre rett informasjon er alle elevar orientert om hendinga fredag morgon og skulen har sendt informasjonsskriv til føresette med elevane i dag. 
I samband med evaluering av det som skjedde vil kommunen rutinemessig vurdere behovet for å endre rutinar i samband med uønska hendingar.» 

Mannen blir anmeldt for ulovleg bæring av kniv på offentleg stad, meldte politiet torsdag kveld.

Artikkeltags