Seljord får sprek bank - straks flytteklare i moderne og funksjonelle lokale

FLYTTEKLARE: 26. januar er Sparebanken Din i Seljord innlosjerte i nye og moderne lokale på Brøløs i Seljord. FOTO: INGEBJØRG BØ

FLYTTEKLARE: 26. januar er Sparebanken Din i Seljord innlosjerte i nye og moderne lokale på Brøløs i Seljord. FOTO: INGEBJØRG BØ

Artikkelen er over 3 år gammel

SELJORD: Med ein prislapp på 15 millionar kroner, går Sparebanken Din i Seljord framtida friskt i møte.

DEL

26. januar er dei opningsklare i dei 600 nye rutemetrane på Brøløs.

– Det blir eit flott bygg. Råstilig, funksjonelt og moderne, seier assisterande banksjef i Sprebanken Din i Seljord, Harriet Slaaen. Ho syner til dei tilkomne kontorlokala som skal huse bankens 12 tilsette.

Funksjonelle lokale

Lokala er mindre enn arealet dei disponerer i dag, i nabobygget. Derimot er det langt meir praktisk på alle måtar. Difor valde ein også å byggje nytt.

– Lokala er tilpassa dagens og framtidas behov, hevdar Slaaen som seier ein vil møte ein langt meir teknologisk og automatisert bank framover.

– Banken blir veldig tidsrett, presiserer den assisterande banksjefen og syner særleg til endringar i inngangspartiet der kontanthandteringa no vil skje. Det heile blir meir automatisert.

– Men me er veldig klare for å hjelpe til om kundane synest dette er problematisk, seier ho.

Leiger ut det gamle

Det eksisterande banklokalet vil framleis vere i bankens eige, men dei leiger ut. Delar av underetasjen har alt fått nye leigetakarar, men framleis finst det nærare 500 rutemeter over to plan til disposisjon. Slaaen er ikkje uroa for at det gamle banklokalet fyllast opp.

– Med så mykje positivt som skjer på Brøløs nå, fryktar eg ikkje for dette, seier ho og syner til stor aktivitet i området.

Når bankbygget er avslutta går entreprenørne i gang med den tilkomne næringshagen, som vil liggje vegg i vegg med den nye banken. Næringshagen vil huse 73 arbeidsplassar, og Slaaen ser fram til fleire spennande arbeidsfellesskap i hjarta av Seljord.

–Dette blir kjempebra for Brøløs. Eit stort løft for sentrum, presierer Slaaen og syner til realisering av delar av planen som vart vedtatt i 2012.

– Det er positivt for bygda at det blir satsa i sentrum nå, seier ho. Sjølve vil dei dele det komande bankbygget på med to andre aktørar. Familievernkontoret har alt flytta inn. Det samme har ein psykolog Eivind Mo, som også blir å finne her. Saman vil dei disponere eit felles matrom.

– Eg trur dette blir veldig bra på alle måtar. Me gler oss stort og ser fram til å møte og ta imot folk her, smiler ho.

Artikkeltags