Namnet blei Midt-Telemark

GLADE: Bø-ordførar Olav Kasland (V) og Sauherad-ordførar Mette Haugholt (Ap) var godt nøgde etter namnevedtaket i går. Regnvêrsdagen tolka dei som gode lykkeønskje for nye Midt-Telemark kommune. FOTO: INGEBJØRG BØ

GLADE: Bø-ordførar Olav Kasland (V) og Sauherad-ordførar Mette Haugholt (Ap) var godt nøgde etter namnevedtaket i går. Regnvêrsdagen tolka dei som gode lykkeønskje for nye Midt-Telemark kommune. FOTO: INGEBJØRG BØ

Artikkelen er over 1 år gammel

SAUHERAD: Barnet skal heite Midt-Telemark.

DEL

Det vart klart etter vedtak i kommunestyremøta i Bø og Sauherad i går kveld. Alt etter det to timar lange felles argumentasjonsmøtet, var det tydeleg at sauheringane var meir bestemte på namnevalet enn den komande partnaren var. Medan eit samla Sauherad gjekk inn for Midt-Telemark, var ikkje utfallet gitt i Bø. Bø Ap gjorde det klart at dei ville fremje eit namneforslag på Bø og Sauherad kommune.

Dårleg namneval

– Me synest Midt-Telemark er eit dårleg namneval. Ein manglar Nome i dette, uttalte Karin Hagen (Ap) for TA etter innlegget sitt.

– Både Bø og Sauherad er sterke merkenamn. Me føler det er mest inkluderande slik, hevda ho. Med seg på laget hadde dei Sp, og det var knytt litt ekstra spenning til kva MPG og SV kom til å røyste.

– Eg har dårleg magekjensle, uttalte Åshild Øygarden (Ap), med rette. For ved avrøystinga fall forslaget Bø og Sauherad med ni mot 15 røyster. Ein representant ønskte namnet Bø. Per Atle Einan (SV) seier han var i tvil til det siste.

Mindre dårleg forslag

– Eg var usikker heilt til eg røysta. Eg synest Midt-Telemark var mindre dårleg enn dei andre, ytra han, som framleis aller helst hadde ønskt seg fellesnamnet Lindheim i framtida.

– Eg meiner det hadde vore triveleg. Noko heilt nytt for båe, presiserte han. Framtidstrua syntest vege sterkt for fleire av dei som ønskte Midt-Telemark.

– Midt Telemark er mest framtidsretta. Nome kjem til å bli med, og da har ein namnet klart, presiserte Kristin Digranses Bøen (KrF). Både Bø-ordførar Olav Kasland (V) og Sauherad-ordførar Mette Haugholt (Ap) var godt nøgde med utfallet. Ikkje minst å ha landa saka.

Milepæl for kommunane

– Det er ein stor milepæl. Det er ein stor dag og grunn til å feire for begge kommunane, understreka Kasland. At Nome hadde sterke meiningar mot at dei to valde Midt-Telemark, vog ikkje tungt nok.

– Sauherad var veldig klare på at dei blei såra utan Midt-Telemarknamnet. Me valde som dei me skal gifte oss med, sa han.

Som nytt felles kommunevåpen vedtok ein tre gullfeler på blå bakgrunn. Haugholt innrømmer det blir uvand med eit ordførarkjede utan epler.

– Det er klart det blir litt rart, men fruktbygda er sterk og levande likevel. Sauherad har lange spelemannstradisjonar, og dette kunne ein samlast om. Det blei jo ikkje mykje diskusjon heller, minte ho om. Stemninga under fellesmåltidet etterpå vitna om lite sure miner.

– Det er veldig god stemning kommunane imellom, slo to stolte ordførarar fast.

Artikkeltags