- Det kom som rekande på ei fjøl for oss, smiler tobarnsmor Tonje Orum. I lengre tid hadde ho og døtrene Mia (8) og Tine (6) vore på leit etter bustad i landlege omgjevnader i Bygdenoreg. I februar vart dei presenterte for Vest-Telemark. Nå er dei på plass i Øyfjell.

SAKNA FJELL OG NATUR

I nærare ti år hadde familien på tre vore busette på Skedsmokorset i Akershus. Men for mor, som opphavleg er frå ei mindre bygd i Nord-Noreg, og for barna, som i lengre tid har hatt eit lengtande sakn etter fjell og natur, var tida komen for å realisere draumen.

- Me ønskte oss vekk frå bylivet og sjekka moglegheitene. Det blei ein del søk på internett, på leit etter dei rette bustad- og naturområda. Og gjennom alle desse søka dukka Vinje kommune opp med jamne mellomrom, fortel Orum, som legg til at også Trysil lenge var eit heitt alternativ.

- Men i freistnad på å komme i kontakt med personar som kunne hjelpe oss vidare, dukka annonsen om bygdevisinga i Vest-Telemark opp. Og etter ein kjapp telefon med bygdelivsmeklar Emilie Asplin var me brått ein av tre familiar som var inviterte på ei to dagars visning i Vest-Telemark, mimrar den nye vinbyggjen. Og det var turen verdt, og vel så det.

ALT ORDNA SEG

- Det var utruleg lærerikt og informativt. Me møtte privatpersonar, politikarar, så vel som representantar frå næringsliv og kommune. Og etter møtet med den vesle skulen i Øyfjell, var me bergtekne, fortel den nytilflytta kvinna, som kort tid etter starta prosessen med å leite opp jobb og bustad.

- Det tok litt tid å finne tak i husvære, men elles skulle ein nesten tru alt stod og venta på oss. Eg søkte på den utlyste stillinga som museumspedagog på Vest-Telemark Museum. Denne vart min, og 25. juni hadde eg min første arbeidsdag der, strålar Orum, som etter ni år på Teknisk Museum i Oslo, igjen meiner ho har tileigna seg ein relevant og utfordrande jobb. Korkje ho eller døtrene Mia (8) og Tine (6) synest angre på valet dei har tatt.

GLER SEG

- Eg trur det blir kjempebra, og gler meg veldig til å kunne reise litt oftare på fjellet, konstaterer Mia (8) lengtande. Trass i at ho måtte reise frå skule og vener i Skedsmo, er ho lite uroa over den nye kvardagen som er i vente. For skulen og lærarane har ho helsa på, tilliks med fleire av dei nye medelevane. Frå hausten av skal ho også dele klasserom med den to år yngre systera, som ikkje synest mindre oppglødd over situasjonen.

- Eg gler meg mest til å leike med alle barna der, også blir det veldig gøy å få lekser, seier den nytilkomne skulejenta ivrig. Bygda har verkeleg møtt familien med opne armar og dei tre meiner definitivt at dei er komne for å bli.

NYE PROSJEKT

Bygdevisningane er ein del av prosjektet ”Vi snur vinden”, som bygdelivsmeklar Emilie Asplin står i brodden for. Målsetjinga er å snu flyttestraumen frå Vest-Telemark, og 29. til 30. august er det såleis duka for nye visningar av regionen. Denne gongen ønskjer bygdelivsmeklaren å syne fram vestfylket frå ei ny side.

- Me har plukka ut nokre perler i regionen, og med tanke at det er sommar, er det den sørlege delen av Vest-Telemark som står for tur. Fyresdal og Nissedal blir difor beite denne gongen, fortel Asplin, som lovar at dei flyttesugne gjestene skal bli tatt godt vare på.

- Som sist er det fokus på natur og miljø, samt jobbmoglegheiter og skuleforhold. Det er eit praktisk retta program, mynta på potensielle tilflyttarar, ikkje turistar. Og ettersom tanken er å knytte kontaktar til både privatpersonar og kommune, innkvarterer me familiane i vertsfamiliar i staden for på hotell denne gongen, fortel bygdelivsmeklaren, som så langt har fylt ein av dei fem familieretta gjesteplassane.

Programmet skjer elles i samla flokk, i ein god mix av natur og kultur, næringsliv, hygge og sosialt samvær, vekselvis mellom dei to kommunane.