- Rasering av tilbod til psykisk sjuke

Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

SELJORD: Det er fare for at Seljord og kommunane rundt kan miste lokalt psykiatrisk døgntilbod. I sin utviklingsplan 2014 - 2016 føreslår Sykehuset Telemark å flytte døgneininga i Seljord til Notodden.

DEL

Sykehuset Telemark har framlegg om fire scenario om kva som skal skje helsestrukturen i Telemark. I scenario 1 og 2 er distriktspsykiatrisk senter (DPS) ved Seljord urørt. I scenario 3 stoppar døgnaktiviteten. I det fjerde og anbefalte scenarioet blir psykiatriske døgnsenger flytta til Notodden.

Forslaget har skapt reaksjonar blant dei som jobbar med psykiatrisk helse i regionen.

– Eg ser mørkt på å miste døgntilbodet i Seljord. Det er alvorleg for dei psykisk sjuke i Vinje, som har stor nytte av tilbodet der det er låg terskel for å få behandling, fortel psykiatrikoordinator i Vinje kommune, Astri Bye Ramberg.

– Det er eit tilbod som fungerer etter intensjon og har hatt stor førebyggjande effekt. Dette er ei brukargruppe som ikkje akkurat går i fakkeltog, seier ho vidare. Bye Ramberg er òg kritisk til informasjonen dei har fått so langt i prosessen.

– Det har vore dårleg kommunikasjon og lite informasjon til kommunane. Det einaste me veit er det som står i avisene.

– Rasering av tilbod

– Dette er ei rasering av tilbodet til dei psykisk sjuke i øvre Telemark, eg kan ikkje forstå at det er fagleg forsvarleg, seier psykiatrisk sjukepleiar ved DPS Seljord Håvard Birkeland.

DPS Seljord består av poliklinikk og ein sengepost med 15 senger. Det er ein del av DPS Notodden/Seljord, der administrasjonen ligg i Notodden. I det anbefalte scenarioet ville bygget i Seljord bli selt og poliklinikken flytta til ein annan plass. I tilfellet at sengene blir flytta til Notodden må dei ta i bruk kontorlokale for den auka kapasiteten. Ombygging for nye kontor er estimert til cirka 4 millionar kroner.

– For våre pasientar er det veldig viktig med nærleik og eit kontaktnettverk for betringsprosessen. Oppfylgingsteamet brukar allereie mykje tid på å reise rundt til dei alvorleg sjuke, og den regelmessige kontakten ville falle bort, seier han vidare.

– Her er det ein agenda utanom fagleg vurdering. Vår store bekymring er korleis dette skal fungere for pasientar i distrikta. Det er mitt inntrykk at dei i styret og direktøren i Sykehuset Telemark ikkje er orientert om den kompetansen og arbeidet meg gjer i Seljord. Det er fleire pasientar som har uttrykt fortviling. På lang sikt har det òg konsekvensar for poliklinikken, som me har eit godt fagleg samarbeid med.

Utsett gruppe

Prostidiakon i Vest-Telemark Eilev Erikstein er svært uroa av forslaget frå Sykehuset Telemark.

– Dette er eit slag mot ei utsett gruppe som ikkje ropar høgt. På ein so stor plass er det relativ kort veg, noko som er viktig når det gjeld omsorg i psykiatri. For mange brukarar er det uaktuelt å bruke Notodden. Kompetanse innan psykiatri har mykje med kjennskap å gjere, og det tar lang tid å byggje opp eit slikt fagmiljø som dei har i Seljord, seier Erikstein.

– Det er nokre pasientar som er inn og ut, og det hindrar tvangsinnlegging. Dette er eit viktig tilbod for ei gruppe som det er veldig lite fokus på. Dette er ei sak det er viktig for Vest-Telemark å slå ring rundt, konkluderer Erikstein.

Artikkeltags