Gallerist Halvor Nyhus meiner det er ein symbolikk i kunsten til utstillarane som går att, sjølv om det er ei variert utstilling publikum får sjå i låven på Nyhus gard i sommar.

- Symbolikken ser ein aller best i måleria til Eli Hovdenak. Ho har hatt mange utstillingar i Noreg og Europa, seier Nyhus.

SJIRAFF OG ELEFANT

Hovdenak som opphavleg kjem frå Porsgrunn er kjent for humørfylt grafikk og nyskapande symbolbruk. Ho er utdanna ved målelinene på Statenes håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Nasjonalgalleriet og Norsk kulturråd har kjøpt kunsten hennar. I tillegg har ho hatt mange utsmykkingsoppdrag på skular, barnehagar og sjukehus.

- I bilda mine finn ein mellommennesklege relasjonar. Eg har mellom anna eit bilde av ein begeistra elefant og ein avvisande sjiraff, seier Hovdenak.

Ho likar å spele på kontakt og forståing, og set det opp mot motsetningane i kunsten sin.

- Eg likar også språklege misforståingar og blir glad når eg kan bruke det i bilda, seier Hovdenak, som no bur i Oslo.

MORO MED LANDSKAP

Elisabeth de Lunde stiller ut måleria sine for andre året på rad. Denne gongen har ho gått meir over til å måle landskap, og då gjerne Telemarks-landskap. De Lunde kjem frå Nome, men bur i København om dagen.

- I denne utstillinga fortel eg historier ved å bruke naturen. Eg sit i København og måler norske landskap, smiler de Lunde.

Ho synest det er friare å jobbe med natur enn menneske.

- Vatn er ein raud tråd gjennom utstillinga mi. Dessutan er det spor etter mystiske handlingar i landskapsmåleria, seier de Lunde.

Iranaren Shahram Taksha måler stilleben. Han tar utgangspunkt i heilt vanlege ting som ei vasskran på ein vegg.

Gerd Danbolt Svalastog, som har drive keramikkverkstad i Grungedal i Vinje sidan 1983 skal stille ut brukskunst av keramikk. Ho har hatt ei rekkje utstillingar her til lands, mellom anna fleire på Galleri Nyhus.

Galleriet arrangerer også konsert i Nes kyrkje med de Lundes make, operasangeren Jakob Christian Zethner. Han tar utgangspunkt i de Lundes kunst når han syng Bach, Mozart og Ravel 5. juli.