Får du denne eposten, bør du tenke deg om to gonger

Svindeleposten er lik den som kjem frå Apple. Men det er ting som skil den frå den ekte varen.

Svindeleposten er lik den som kjem frå Apple. Men det er ting som skil den frå den ekte varen.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Har du og fått denne eposten frå «Apple» i dag?

DEL

«Nettfisking», eller «pfishing» er ein svindelform som har blitt meir og meir vanleg i vår digitaliserte kvardag. Svindlarane er ute etter personleg informasjon som påloggingsinfo, bankkontodetaljar eller personnummer. Som regel blir du offer for slik nettfisking ved å klikke på det du trur er ein legitim epost frå eit ekte selskap, og vips så kan svindlarar sitte på kredittkortinformasjonen din eller anna viktig informasjon.

Svindelen blir meir og meir raffinert. Ta eposten i bildet til høgre. Det ser tilsynelatande ut som om den er frå Apple, og følger du linken for å logge på slik eposten skriv du bør gjere, kjem du til ei nettside som på overflata ser ut som Apple si side for pålogging med Apple ID. Logger du på med Apple ID-en din, opplyser svindelsida at kontoen din har blitt sperra, og at du må betale for å få den opna att. På sida står det også eit felt for utfylling av kredittkortinformasjon. Men det er berre tull. For fyller du ut desse to, sit svindlarane både med kredittkortinformasjonen og Apple ID-kontoen din.

Ein av nettsidene under er falsk. Ser du skilnaden? (Den ekte er den øvste.)

Men trass i at sida ser heilt identisk ut som Apple si side, så er det teikn både ved eposten og ved nettsida som avslører svindelen. Du må berre vite kor du skal sjå etter dei. Oppe i adressefeltet til nettsida skal det stå apple.com, det gjer det aldri på slike svindelstader. På trygge nettstader er dei første bokstavane i nettadressa dessutan farga grønt.

I Apple sine epostar til kundar, står det heller aldri «Kjære kunde», som det gjer i svindeleposten over. I staden for «kunde» bruker Apple namnet som er registrert på abonnenten.

Og har du gått i baret, så er det lurt å kontakte både banken og Apple sitt kundesenter med ein gong.

Artikkeltags