Øyfjellmannen har vore glad i å teikne så lenge han kan hugse. Uttrykksfulle teikneseriar har dessutan vore til stor og god underhaldning gjennom heile ungdomstida hans. Men dei djupe og oppbyggjelege historiene har han sakna, og nå tek gründeren sjølv pennen fatt.

TIDLEG STADIUM

I sommar sa Breiseth opp stillinga si som it-ansvarleg på Nemek i Åmot, for å kunne konsentrere seg heilt og fullt om det ambisiøse teikneprosjektet. Arbeidet er enno på eit tidleg stadium og verken typene eller teikeserien har fått konkrete titlar eller karakterar. Men hovudet arbeider kontinuerleg på spreng, og i inneverande fase gjeld det å få realisert ideane på papiret.

- Både personane og uttrykka er gradvis i ferd med å ta form, men med endelause justeringar. Rett som det er dukkar det opp nye impulsar som gjer at det heile tek ei ny vending, seier Breiseth, som slit med svevnlause netter.

- Ideane er dessverre ikkje så enkle å styre. Og det byrjar bli nokså vanleg å måtte ta ei økt nattestid også, seier øyfjellmannen som i skrivande stund er inne i ein produktiv prosess.

HÅP OG OPTIMISME

For utan ei allsidig arbeidserfaring med hovudvekt på elektronikk og design, har Breiseth også vigd mykje tid til arbeid saman med unge. Arbeidet i dei lokale meiningheitene og samtalane med personar her fekk han på ideen om å skape ei ny ungdomsunderhaldning.

- Det er alltid så dystre motiv. Blod, vald og anna perverst materiale pregar i hovudsak både teikneseriar og dataspela ungdommen brukar tid på. Men alternativa er dessverre heller ikkje så mange, meiner Breiseth, som ønskjer å gje dei unge eit meir oppløftande tilbod.

- Kampen mellom det onde og det gode vil nok prege mine historier også, men utgangen vil vere meir positivt vinkla. Bibelske hendingar vil vere utgangspunkt for fleire av historiene. Eg er sjølv kristen og ønskjer å formidle ein del av erfaringane og opplevingane mine som dette. Teikneserien vil såleis bli ei blanding av fantasi og verkelegheit, seier han, og fortel at håp og optimisme vil ha sentrale plassar i uttrykka hans.

INTERNASJONAL

Teikneserieskaparen har store ambisjonar for prosjektet. Og sjølv om etablerte teikeserieskaparar har rådd han til å satse på ein anna bransje, har han ikkje falle for den freistnaden. Ønskje om eit meir fleksibelt arbeid som permanent øyfjellbuar, ville dessutan kravd at han etablerte eit verkje sjølv.

- Med min bakgrunn er det ikkje flust med arbeid i området. Dessutan er teikneseriar i skotet som aldri før og ei ideell form for kommunikasjon. Underhaldningsbransjen er elles blant dei største industriane i verda, og kvifor skulle ikkje eg nå dit, smiler ein optimistisk Breiseth, som ikkje først og fremst rettar seg til den norske marknaden.

- Teikneserien kjem nok til å vere engelsk teksta i starten. Og sjølv om eg tek utgangspunkt i lokale ungdomskulturar som bil- og musikkinteresse, vil desse vere så allmenne og aktuelle at ungdom flest bør kunne kjenne seg att, held han fram, og trur dei japansk inspirerte typene hans blir enklare å formidle innanfor ein internasjonal marknad.

TRYKKJEKLART

Sjølv om timane framfor arbeidsbenken ofte kan synest både mange og lange, der strekane som kjem til like fort blir viska ut, er det ikkje noko å seie på verken arbeidsglede eller -innsats. For Breiseth er verkeleg på heimebane, der han eksperimenterer med og boltrar seg i nye uttrykk og detaljar.

- Det er fantastisk å kunne kombinere arbeid og interesse på denne måten. Og om det verkar langt fram til teikningane er klare, og ikkje minst til nokon kan lese dette, har eg sett meg som mål å ha eit hefte klart til trykking om eit år, konstaterer den fingerneme, som så langt har fått 80 000 kroner av Innovasjon Noreg i Telemark til arbeidet med den første delen av prosjektet.