Mållag rasar mot språkbruk

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Vinje mållag er ikkje nøgd med språkbruken i kommunen sin. No har dei sendt klage til ordføraren og bed om oppstramming på nynorsken.

DEL

Ordlyden i ei stillingsannonse som mellom anna stod på trykk i TA 9. mars, var handlinga som verkeleg fekk begeret til å renne over for Vinje mållag. For i etterlysinga av fastlege til kommunen, er innhaldet vel så mykje skrive på bokmål som på nynorsk. Og den vesle stillingsannonsa inneheldt 24 skrivefeil.

SKUFFA
Skrivar i Vinje mållag, Olav Nordstoga, synest det har vore vel mange graverande språklege feil i offentlege skriv den siste tida, og mållaget måtte setje ned foten. Han ser med vantru på den språklege likesæla og etterlyser kurs i sakshandsamarspråk.

- Det er skuffande at ein nynorskkommune ikkje er meir medveten om språkbruk i offentlege samanhengar, seier Nordstoga, og nemner fleire uheldige tilfelle, men at stillingsannonsen slo alle rekordar.

- Dei tilsette burde fått eit skikkeleg kurs i sakshandsamarspråk, påpeikar han, og håpar kommunen tek konsekvensar av slike handlingar.

24 SKRIVEFEIL
Den vesle stillingsannonsen inneheldt 24 skrivefeil, og ei rekkje substantiv, verb og adjektiv, så vel som pronomen, talord og samsvarsbøying, har bokmål språkdrakt. I tillegg manglar nokre språknøytrale ord oppdeling, medan andre har for mykje av det.

Ordførar i Vinje, Arne Vinje, er lei for den mangelfulle konsekvente målbruken som har vore i ymse annonsar og skriv. Han lovar betring.

- Dette er slikt som ikkje bør skje. Me har hatt gode rutiner for å unngå direkte språklege feil, men det er tydeleg at desse må skjerpast. Me er stolte av både dialekt og nynorsk og ønskjer å profilere oss på denne målforma. Det er ein viktig del av identiteten til kommunen, påpeikar ordføraren, og ser behov for å innføre nye språkkurs snarast.

Artikkeltags