Må skifte klær for å røyke

SKIFTE KLÆR: Femminuttane på røykehjørnet er historie for dei tilsette ved Nome sjukeheim i Lunde. Bare i private klede, i den ulønna matpausen dagtid, er det no lov å fyre opp røyken.

SKIFTE KLÆR: Femminuttane på røykehjørnet er historie for dei tilsette ved Nome sjukeheim i Lunde. Bare i private klede, i den ulønna matpausen dagtid, er det no lov å fyre opp røyken. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

NOME: Femminuttane på røykehjørnet er historie for dei tilsette ved Nome sjukeheim i Lunde. Bare i private klede, i den ulønna matpausen dagtid, er det no lov å fyre opp røyken.

DEL

Eit nasjonalt lovverkt om totalt røykeforbod på offentleg grunn er under arbeid. Ved Nome sjukeheim i Lunde er dei tidleg ute. Her vart ordninga gjeldande frå nyttår.

– Me har hatt hovudfokus på pasientane og meiner dei ikkje skal utsetjast for røyklukt eller eventuelle ubehag i samband med tilsette som røyker, seier institusjonssjef ved Nome sjukeheim, Bent Krogager. For ein helseretta institusjon som arbeider med gamle og sjuke menneske, ønskte ein å vektleggje den helsemessige biten. Krogager er positivt overraska over innsatsen og vilja blant dei tilsette for å tilpasse seg ein røykfri kvardag.

POSITIVE REAKSJONAR

– Eg har fått veldig mange positive tilbakemeldingar, seier han og syner til både røykande og ikkje-røykande i staben sin. Den siste veka har dei likevel justert reglementet noko.

Bare i den ubetalte røykepausen på dagtid, var i utgangspunktet einaste høvet dei tilsette ved Nome sjukeheim hadde til å gje etter for røyksuget sitt. Då vart det kravd at dei bytta om til private klede og måtte gå utanfor området til sjukeheimen.– Dette vart praktisert dei to første vekene, men denne siste veka har me moderert oss litt. Det totale røykeforbodet for dei tilsette ved sjukeheimen førte til at det vart røkt mykje på parkeringsplassen framom sjukeheimen. Røykarane følte ubehag ved dette, fortel ein tilpasningsviljug Krogager som har lytta til arbeidstakarane.

MIDT I GLANING

– Me vart ståande midt i glaninga og var det første dei besøkande møtte her. Ein sakna å kunne røyke usjenerte på baksida, fortel sjukepleiar ved Nome sjukeheim, Tone Thoresen. Ho er godt nøgd med at vedtaket vart justert litt på, slik at ein kan nytte det gamle røykehjørnet for tilsette, endå om ho ikkje er blant dei hardaste røykarane.

– Det er mange arbeidsdagar at eg ikkje røyker i det heile. Veldig ofte har ein ikkje tid, men det er fint å ha moglegheita, om det passar slik, seier ho til TA.

HAR ALLE PÅ VAKT

Både røykarar og ikkje-røykarar gjev uttrykk for at dei trivst med kvardagen etter avviklinga av femminuttane på hjørnet.

– Eg synest det er fint å ha alle på vakt i vakttida, seier sjukepleiar Hilde Hogga og syner til ein meir kontinuerleg dialog med kollegane gjennom arbeidsdagen. For ein omfattande institusjon med store avstandar kunne femminutten fort skli litt ut. Ofte vart dei også praktiserte saman med fleire også. – Ein opplever å vere fleire tilstades heile tida nå, seier ho tilfreds.Institusjonssjefen ved Nome sjukeheim er veldig stolt.– For mange har dette kravd mykje og eg synest dei har takla det utruleg bra. Dette er eit langt steg i rett retning for å på sikt kunne innføre ein total røykfri arbeidsplass, seier han og syner til sjukeheimen med dei kring 150 tilsette. Han anslår at i underkant av ein tredjedel er røykarar.

MOTIVERANDE

– Mange har nytta røykerestriksjonane som ein god motivasjon til å slutte å røyke. Det er fint å kunne medverke til ein betre kvardag både for dei tilsette og brukarane som bur her, seier han.

Artikkeltags