Barnehagen i Øyfjell held no hus i gamle Kyrkjebø skule. Bygget med to etasjar er frå 1950-talet. Opphaldsarealet er på 104 kvadratmeter så barnehagen har 26 plassar dei kan fylle. No gjev barnehagen tilbod til elleve barn over tri år og åtte barn under.
- Det er snakk om at det blir inntaksstopp. Det er synd når øyfjellingane jobbar så mykje for å få folk til å flytte dit. Me vil gjerne setje av midlar til dette i budsjettet for 2009 og 2010, sa Marit Auran (KrF) i oppvekst- og velferdsutvalet til kommunestyret i går.
FARLEGE SITUASJONAR
I ei utgreiing frå Øyfjell oppvekstsenter står det at barnehagen har trong for å bruke leike– og opphaldsarealet både oppe og nede. Oppvekstsenteret meiner at opplegget ikkje er godt når det er ei bratt trapp mellom høgdene. Det må sikrast at døra til kjellaren er att og grinder er låst for å unngå farlege situasjonar. Verken stellerom, kjøkken, garderobe, vognrom eller brannføreskrifter skal vere gode nok, står det i utgreiinga. I fylgje oppvekstsenteret er det slitne bygget ikkje tilpassa barnehagedrift og leiinga foreslår difor å byggje eit heilt nytt barnehagebygg.
Frå sentrale hald er det venta at kommunane skal ha full barnehagedekking. I Vinje har det vore semje om at barna skal bør få tilbod i den skulekrinsen dei høyrer til.
- Erfaring syner at undergrunnlaget i mindre bygder vil variere over tid. Det å satse på ny barnehage i Øyfjell kan sjåast på som ei øving i optimisme. Meiner kommunen noko med å behalde og auke folketalet må ein satse offensivt, skriv rådmann Hans Kristian Lehmann i vurderinga si.
MELLOMBELS LOKALE
Om ein ser for seg ein barnehage med 36 plassar på 300 kvadratmeter og ein kvadratmeterpris på 30 000 vil prislappen bli ni millionar kroner for eit nytt bygg. I tillegg kjem rivinga av gamlebygget som er berekna til 300 000 kroner eller 50 000 ved ei brannøving.
For ei mellombels innlosjering av elevane i byggjetida er det rekna ut at det vil koste 450 000 kroner per år. Men det finnast tilskot til faste plassar i mellombels lokale på 10 000 kroner for deltidsplass og 20 000 kroner for heiltidsplass. Alt i alt vil ein ny barnehage koste 12-13 millionar kroner.
Rådmannen fortel at det ikkje ligg inne løyvingar til ny barnehage i Øyfjell i budsjettet for 2008 eller i økonomiplanen. Han trur ikkje det vil vere mogleg å kome i gang med bygging før Hakkespetta barnehage i Åmot står klar ved påsketider neste år.
SJAKK MATT
Marit Auran fekk raskt tilbakemeldingar på at politikarane i gårsdagens kommunestyremøte ikkje meinte det var rett tid å diskutere framtidige løyvingar på.
- Eg blir sjakk matt. Eg synest det er rart at me tar opp dette no. Det er å gå for langt. Eg foreslår at me tar saka til orientering, sa Børre Rønningen (Ap).
Jorunn Hestmann (SV) meiner det er bra med ivrige leiarar i barnehagane, men peika på at det er greitt å vente på tur og la vere å skrike høgast.
- Det er ikkje naudsynt med eit inntaksstopp. Ungane kan gå i barnehage i Rauland eller Åmot, sa Hestmann.
Ole Kristian Nyhus meiner det vil koste mindre enn 12 millionar å byggje barnehagen viss hyttebygginga minskar. Framlegget til Børre Rønningen fekk 23 røyster og øyfjellingane fekk ikkje svar på dette spørsmålet no.