Lærer seg den lokale dialekten

FÅR HJELP: Norsk er vanskeleg uansett, hevdar Joan Mendaros Ufs, men synest det er spennande å komme tett innpå det lokale språket. Og litt hjelp av mannen Geir Ufs er uansett god å ha når heimeleksene skal gjerast.

FÅR HJELP: Norsk er vanskeleg uansett, hevdar Joan Mendaros Ufs, men synest det er spennande å komme tett innpå det lokale språket. Og litt hjelp av mannen Geir Ufs er uansett god å ha når heimeleksene skal gjerast. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Ho er ikkje den einaste, men likevel sjeldan i sitt slag. Filippinske Joan Mendaros Ufs (22) lærer nynorsk når ho skal lære å kommunisere med nordmenn.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

- Det er vanskeleg, ja, men det går litt betre nå, smiler den filippinske kvinna lurt. I halvtanna år har ho gått på norskkurs for utlendingar. Og det har vore krevjande i seg sjølv. Men når jobben først skulle gjerast, ville ho best mogleg leggje til rette for å kunne bli ein treunge god som nokon. Og det har kommunen også lagt til rette for.

BLIR GLADE

- Eg merkar at folk, særleg eldre menneske, blir veldig glade når eg møtar dei på butikken og kan sei «Jasså, sei du det?» og «håssen gjeng det?», fortel Joan, og synest dette er veldig motiverande reaksjonar utanfrå.

- Verken svigerforeldra mine eller ein del av dei lokale nissedølane snakkar engelsk, så norskkunnskapen kom eg ikkje utanom. Og så lenge eg bur i Treungen ønskjer eg å møte dei nye sambygdingane mine mest mogleg på deira premissar, legg ho til og trur dette er ein viktig del av integreringa i lokalsamfunnet.

KORT VEG

For Joan synest at vegen frå å lære nynorsk til å snakke «treungsk» nærast er ei side av same sak. Og med nokre timar praksis i den lokale Spar-forretninga, samt vekentlege øvingar i det lokale koret, får ho testa ut den nyervervde kunnskapen sin med ein litt anna vri enn det dei fleste nye landsmenn gjer.

MANGLAR BØKER

For statistikkane syner at det går langt mellom kvar nye norske statsborgar som får opplæring på nynorsk i staden for på bokmål. Og oppstartingsprosessen var ikkje heilt smertefri for Joan heller. Nynorskbøker var etterspurde.

- Det mangla bøker. Eg måtte vente i fleire veker før læreboka var på plass. Og da skjønnar eg godt mange vert freista til å velje den andre målforma. Men eg ville lære nynorsk, eg, for eg vil snakke mest mogleg slik som mannen min og familien hans, smiler Joan, som ikkje har gitt etter for venleg press frå sine medstudentar utanfor kommunegrensa.

NYNORSKUNDERVISNING

Men på det vekentlege norskkurset i Treungen har ein eigentleg ikkje noko val heller, om ein deltar på vaksenopplæringa. Og elevane vart oppmoda til å vente på dei ønskte bøkene. For norsklærarane Anne Reime og Tor Valle har gjort ein ting klart. At skal ein tileigne seg denne språkkunnskapen i bygda, så må ein også innfinne seg med å lære det lokale målet.

- Ein må stikke fingeren i jorda og sjå kvar ein bur. Skal ein inn i serviceyrke her i bygda, så er det i alle fall ikkje noko minus å kunne både nynorsk og nissedalsdialekt, konstaterer Reime.

VIKTIG

For sjølv om få kommunar prioriterer slik, er ikkje Valle og Reime i tvil om at dette er viktig.

- Eg er viss på at elevane blir meir språkmektige slik. Bokmål lærer ein uansett gjennom aviser, fjernsyn og i det offentlege rom. Dette har me fått så mange positive tilbakemeldingar på, skyt ho inn.

Om to knappe månader ventar ein ny eksamen for Joan. Sjølv om ho er på god veg i arbeidet med å tileigne seg lokal språkkunnskap, er det med skrekkblanda fryd ho i desse dagar blar i kalenderen.

- Huff 'a meg. Eg gruar meg, smiler ho.

FÅR HJELP: Norsk er vanskeleg uansett, hevdar Joan Mendaros Ufs, men synest det er spennande å komme tett innpå det lokale språket. Og litt hjelp av mannen Geir Ufs er uansett god å ha når heimeleksene skal gjerast.

Artikkeltags