Hurra for kongen

Artikkelen er over 6 år gammel

NOTODDEN: Mange møtte opp både på Haugmotun sjukeheim og Notodden torg da kong Harald besøkte bluesbyen i dag.

DEL

Hans majestet kong Harald feira med både liten og stor da han besøkte Notodden. Han rakk mykje på kort tid i den spreke hundreåringen. I tillegg til gamal blueshistorie og ny teknologi, byr byen på spreke eldre. På Haugmotun sjukeheim fekk han sjå mellom anna hesteskokasting, som er ei øving i bluesbyens senior-OL. Han fekk også snakke med Helga Bakken (82), som prata jakt med kong Harald, og Ambros Nørstrud (83). Sistnemnde fortalde kongen at ein skal bruke seg sjølv.

– Så lenge det gjeng, fortsatte kong Harald.

Vel nede i Notodden sentrum blei kong Harald møtt av eit fullpakka torg med feststemde notoddeningar. Konfransier Olav Sem hadde alt fyra opp dei frammøtte og lært dei korleis ein helsar dei royale med hurrarop. Fireåringane Tuva Mauno Aanjesen og Aron Hvaale frå Toppen barnehage stod klare med blomsterbukett til kong Harald.

– Vyrde kjære kong Harald. Takk for at du vil vere med å feire Notodden sin 100-årsdag. For 50 år sidan sa me at Notodden by var den yngste her i fylket. Du takka for opplegget og sa hell og lykke for framtida. Den gong var det kronprins Harald som var her, talte Sem til kongen og resten av torget.

NØGD KONGE

Kongen hadde sjølv bedd om å få møte både eldre og yngre på sitt besøk. Det var dei unge som stod i sentrum på torget. Folkedansarar frå Gransherad spel- og dansarlag viste korleis hatten skulle fyke med hallingspark og Martin Ingolfsrud Ingvær viste korleis ein kan underhalde ved å lage rytme og lyd med munnen beatboxing. Etter Notoddens musikktalent fekk vist seg fram var det tid for kongen å dra. På veg inn i bilen blei han spurt om korleis Notodden-besøket hadde vore.

– Veldig bra, svara han.

Artikkeltags