Gå til sidens hovedinnhold

Grunneigarar vil ikkje ha turisme

Artikkelen er over 11 år gammel

Grunneigarar protesterte mot Vidda vinn-prosjektet på eit informasjonsmøte med høg temperatur på Edland. Turistnæringa var positiv til prosjektet.

Det var veldig stor usemje mellom grunneigarar og turistnæring på informasjonsmøtet om Vidda vinn og Hardangervidda nasjonalparkrute på Edland i går. Ufine ord, skuldingar om sjikane og høg temperatur var noko av innhaldet i møtet. Prosjektleiar Guro Lien fekk nesten ikkje lagt fram prosjektet på grunn av at ho blei avbrote av dei frammøtte.

- Dette er noko fanteri som ein må stoppe med ein gong. Vidda Vinn er pil råtent, seier grunneigar Harald Kvaalen.

VIL IKKJE HA RUTA

Han meiner at prosjektet kostar grunneigarar utvikling på eigen eigedom.

- Ein må slutte å bagatellisere dette. Om de får med nokre grunneigarar, så er det andre som seier nei. Me må verne naturen mot folkeleg aktivitet som turisme, seier grunneigaren.

Sjølv trur han at slike prosjekt blir styrt av kapitalistiske interesser som vil drive reiseliv i heile verda.

- Me skal marknadsføre dette som ei nasjonalparkrute, men turistane skal ikkje få kome inn i parken, seier Lien.

Ho vil ha innspel frå grunneigarar og reiseliv før Vidda Vinn skal ha ein ferdig utarbeidd femårsplan på bordet i september. På møtet i Edland fekk ho flest tilbakemeldingar frå grunneigaranes side. Tidlegare på dagen heldt Vidda Vinn møte i Rauland og då hadde det heile gått rolegare for seg.

EKSTRA TURISTDØGN

- Me vil setje Hardangervidda på kartet på ein slik måte at grunneigarar, reiseliv og villrein skal vinne på prosjektet. Meininga er å kanalisere turisttrafikken til å gå utanfor dei sårbare områda på vidda og inn i bygdene som ligg rundt vidda, seier Lien.

Dette vil ho gjere med midlar frå direktoratet for naturforvaltning, som jobbar for verdiskaping i planområdet for fylkesdelsplanen for Hardangervidda. Vidda vinn vil sanke inn samtykke frå grunneigarar før dei lagar ruta. Private grunneigarar som seier ja får ein eingongssum ved terrenginngrep. Dei får og tilbod om betaling for å vedlikehalde opplevingsvegane. Vidda vinn går inn for å spele på lokale ressurspersonar og tilby kurs som aukar kvaliteten på guida turar og anna formidling.

- Me vil bidra til at sommargjestene blir ei natt ekstra i området ved hjelp av attraktive stoppestader, seier prosjektleiaren.

Ho forsikrar at Vidda vinn har fått mange positive tilbakemeldingar frå både grunneigarar og reiselivsverksemder i Vinje og Tinn.