Det starta heilt tilfeldig. Eit par av elevane fann eit par skrivefeil. Men plutseleg var det eitt til og endå eitt, og til slutt var det bare så mange at elevane bestemte seg for å finne ut kor mange feil dei tre norskfaglege lærebøkene «Ord for alt 6» eigentleg hadde. Og med ei skarp lupe for auga gjekk elevane grundig til verks med dei to språkbøkene og tilhøyrande tekstbok, skildra i nynorsk språkdrakt.
- Me fann 76 skrivefeil og det er veldig mange. Fleire av dei er opplagte ord- og bøyingsfeil som absolutt burde vore unngått. Det står blant anna ein dotter og fleire tøfler, fortel dei 20 ivrige språkjegerane, som meiner resultatet er slett arbeid i eit læreverk som skal lære dei rettskriving.
HEILE MELLOMTRINNET
Norskbøkene, som er gjevne ut av forlaget Cappelen Damm AS, var spiller nye då elevane tok desse i bruk sist haust. Både elevar og lærarar var i utgangspunktet godt nøgde med bøkene fram til alle feila dukka opp.
- Bøkene er godt bygde opp, med utfordrande oppgåver og spennande tekstar, seier norsklærar Gunstein Seltveit. Han fortel at lærebøkene vart nøye vurderte og plukka ut på bakgrunn av dette då det var tid for nytt læreverk i norsk på heile mellomtrinnet. Då detektivarbeidet til elevane for alvor tok til, gjekk dei grundig til verks for å sjå om problemet berre råka deira klassesett.
- Me kikka litt i norskbøkene til femte og sjuande klasse og fann mange feil der også, fortel språkjegerane. Med kunnskap om kritikkverdig mange feil i heile det norskfaglege læreverket på mellomtrinnet, visste sjetteklassingane godt korleis dei ville nytte erfaringane frå språkjakta.
NYSGJERRIGPER
For som mange sjetteklassingar i Tokke før dei, hadde dei med dette eit godt utgangspunkt for arbeid til årets nysgjerrigper-konkurranse. Arbeidet innebar kontakt med forfattarar og forlag. Og heile prosjektet vart sidan sendt til Språkrådet, som sidan sendte arbeidet vidare til Utdanningsdirektoratet.
- Forlaget forsvarte seg først med at særskilde skildringar og skrivemåtar i litterære tekstar som forfattaren sjølv har nytta, ikkje alltid blir endra. Men etter samtale med somme forfattarar synte det seg at mange av skrivefeila nettopp har kome til som resultat av slike endringar, fortel elevane, som sjølve har blitt svært medvitne på skrive- og orddelingsfeil i alt dei les. Og særs flittige brukarar av ordlista har dei også blitt.
- Jakta på skrivefeil blir i alle fall tatt alvorleg. Ofte opplever ein at skrivemåtar ein trudde var feil, faktisk også er tilletne, seier norsklæraren, og peikar på klassesettet av Helleviks gule, som har fått ein revolusjon gjennom det siste skuleåret.
- BØR RETTAST OPP
At prosjektet har vore lærerikt, er både elevar og lærarar samde om. No er spørsmålet meir om arbeidet til sjetteklassingane ved Tokke skule vil få noko etterspel. Førstkomande onsdag er dei inviterte til Språkrådet i Oslo, eit møte elevane håpar vil kunne gje dei mange svar. For sjølve meiner dei feila i norskbøkene bør rettast opp og trykkjast i ny utgåve.
- Det er synd om feila blir ståande, slik at elevar rundt om i landet held fram med å ta desse feila med seg. For sjølv om me har lært mykje av prosjektet og blitt veldig medvitne på både rettskriving og orddeling, kan ein ikkje forvente at andre brukar bøkene slik, fortel ein engasjert elevgjeng Dei meiner forlaget har ein jobb å gjere.
- Forlaget burde yte rett mot elevar, lærarar og undervisningssituasjon. Det er leitt om det einaste som blir ståande att etter dette er registrering av 76 skrivefeil utan at noko blir gjort, hevdar dei vakne språkjegerane.