Gå til sidens hovedinnhold

Får ikke bygge ut Gautefallelva

Artikkelen er over 5 år gammel

NVE gjev ikkje løyve til å bygge Djupsåna småkraftverk i Drangedal kommune.

Avslaget er gjeve av omsyn til verneverdiane i Gautefallselva, komkmer det fram av ein pressemelding fra NVE onsdag morgen.

Djupsåna småkraftverk skulle etter planen nytte fallet i Djupsåna i Gautefallvassdraget. Kraftverket ville ha produsert om lag 4,8 GWh i eit medels år.

Verna

Gautefallvassdraget ble varig verna gjennom verneplan IV (1991-92). I tillegg til at vassdraget ble definert som et mogleg type- og referansevassdrag, er og naturvern- og friluftsinteresser utpeika som sentralt for vernegrunnlaget. Det er NVE si vurdering at det planlagde kraftverket ville kome i konflikt med vassdraget sine verneverdiar. Tiltaket ville ha ført til vesentleg endring av naturleg vassføringsregime, og ville etter NVE si meining ha stor negativ innverknad på friluftslivet i området.

Konsesjon kan ikkje bli gitt dersom denne strid med verneverdiane. NVE avslår difor søknad om bygging av Djupsåna kraftverk.

NVE har vurdert om tilpassingar kan redusere konflikten med vassdragsvernet. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å bygge kraftverket. Dei resterande fire småkraftprosjekta av dei fem som var til samstundes offentleg høyring i Drangedal, vil etter plana bli avgjort innan neste barmarkssesong (vår-sommar 2016).