Dramatisk for nynorsken

Artikkelen er over 12 år gammel

Elvane ved Sauland ungdomsskule forstår at dei må «lete att dynna», etter at dei har opna døra. Men nynorsken tapar terreng. På ungdomsskulen i Atrå i Tinn har berre fem av 100 elevar nynorsk.

DEL

Det nynorske skriftspråket i Øvre- og Midt-Telemark er på vikande front, men mange stader lever i alle fall dialekten i beste velgåande.

FARGERIK DIALEKT

Heime hos Marte Dølen Haugan (15) går det i nynorsk. Som det gjer i dei fleste andre heimane i kommunen. Men dialekten er under enormt press, også i Hjartdal.

- Eg snakkar ikkje nynorsk, eg snakkar dialekt. Det meiner eg er ein stor forskjell, seier Marte på gjenkjenneleg «hjartdølsk», ei breid og fargerik dialekt frå Øvre Telemark.

I framtida kan dialekten bli like verneverdig som kulturlandskapet i den vakre telemarksbygda.

15-åringen er snart ferdig med ungdomsskulen, og da ventar vidaregåande skule på Notodden. Der snakkar de bokmål, eller «bymål» som det heiter i Hjartdal.

Marte veit at mange vil legge bort dialekten sin og begynne å ta etter «bymålet».

- De e viktig å helde på dialekta si, eg vi ikkje gå over te bymål, seier 15-åringen bestemt.

DIALEKT UANSETT

Marte Dølen Haugan meiner folk i Vest-Telemark er flinkare til å halde på dialekten sin, og at dei er stoltare over sin egen identitet en det folk i Aust-Telemark er.

Ho merkar at venner som bur i Sauland snakkar meir bokmål, enn venner i Hjartdal og Tuddal. Marte trur det kjem av innflytting og at folk der har nærare kontakt med Notodden.

- Hadde eg hatt bokmål på skulen, hadde eg ikkje mista dialekta mi av den grunn, meiner ho.

Hjartdalsdialekten er ikkje lett å kommunisere med når ein er i hovudstaden. Der føler Marte at ho blir oppfatta som meir eksotisk enn ein innvandrar frå fjerne himmelstrøk.

STERKT I BØ

- «Bødialekta» står framleis sterkt her på ungdomsskulen i Bø. Under halvparten av elevane har bokmål som målform, og mange av dei snakkar «bødialekt» til vanleg, seier sekretær ved skule, Mette Johansen.

Bø ungdomsskule har ikkje bokmålsklassar lenger, slik dei hadde for 15 år sidan. Skulen har 195 elevar og dei aller fleste har dialekten sin forankra i nynorsken.

DRAMATISK I HEDDAL

- Her på ungdomsskulen i Heddal har vi vore inne i ein dramatisk endring av målforma dei siste fem åra, seier rektor, Olav Smedsrud.

- I 2001 hadde 79 prosent av elevane nynorsk, i 2002 fall andelen til 44 prosent, i 2003 var den 35 prosent, i 2004 34 prosent og det samme i 2005. Prognosen for 2006 viser at berre 27 prosent av elevane vil velje nynorsk som målform.

- Tre av fire vil altså ha bokmål, seier rektoren som har ansvar for dei 150 elevane på ungdomsskulen i Heddal. Og han meiner desse tala må få konsekvensar. Skulen er vedtatt å vere ein nynorskskule. Men heddalsdialekten er knapt å høyre på skulen lenger.

NYNORSK BORTE

Også i andre kjende nynorskområde som Atrå i Tinn er nynorsken snart borte frå ungdomsskulen. Der har berre fem av 100 elever nynorsk.

Tilstanden ved Sauherad ungdomsskule på Gvarv er nesten like dyster. I 10. klasse har ni av 72 elevar nynorsk, i niande klasse er tilsvarande åtte av 65 og i åttande har berre seks av 60 elevar nynorsk som målform.

På ungdomsskulen i Gransherad er dei 28 elevane fordelt likt mellom nynorsk og bokmål.

Les meir om nynorskbruk og 100-års jubilanten Noregs Mållag i dagens papirutgåve av avisa.

Artikkeltags