Overtar konkursrammet treningssenter

TAR OVER: Nr1 Fitness og Audun Bjørnfeld frå Bø tar over drift og eigarskap av Elatio i Bø. FOTO: INGEBJØRG BØ

TAR OVER: Nr1 Fitness og Audun Bjørnfeld frå Bø tar over drift og eigarskap av Elatio i Bø. FOTO: INGEBJØRG BØ

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

BØ: Treningssenteret Elatio i det tidlegare eggpakkeriet i Sandavegen i Bø har fått nye eigarar og drivarar.

DEL

Bøheringen Audun Bjørnfeld har saman med treningskjeda Nr1 Fitness tatt over treningsstaden Elatio for 8 millionar kroner. Det skriv boblad.no.

Etablerer seg i Bø

Elatio vart slått konkurs 14. april, og gjelda var på 11,5 millionar per oktober 2015, opplyser avisa. Fire interessentar skal, sidan konkursboet vart opna, ha vore inne i forhandlingane. Bjørnfeld eigde 40 prosent av aksjane i det opphavlege selskapet og har tidlegare drive Bø friskotek, både i Gullbring kulturanlegg og i Folkestadvegen.

På Elatios facebookside skriv Nr1 Fitness at dei gler seg til å starte opp i Bø. Nr1 Fitness er blant dei største treningssentera på Vestlandet. I Telemark er desse så langt bare etablerte i Langesund.

Artikkeltags