- Blir behandla som dyr i Bø

HARDT MILJØ: Miljøterapeut Espen Nordli Eriksen og «Karine» fortel at rusmiljøet er hardt. Dette ber dei kommunale bustadane preg av.

HARDT MILJØ: Miljøterapeut Espen Nordli Eriksen og «Karine» fortel at rusmiljøet er hardt. Dette ber dei kommunale bustadane preg av. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Miljøterapeut Espen Nordli Eriksen beskriver sosialbustadane i Bø som utrygge og utslitne.

DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

- Eg ynskjer eit bemanna kommunalt butilbod til brukarane våre som er innunder rus og psykiatri, seier miljøterapeut Espen Nordli Eriksen, som jobbar ved NAV Bø.

FRAM OG TILBAKE

Nordli Eriksen er i jobben ofte heime hos rusbrukarane. Han fortel at bustandarden er dårleg.

- Me oppfattar at politikarane i Bø ikkje vil ta saka av rein og skjær feigskap. Dei behandlar denne brukargruppa som dyr, seier Nordli Eriksen.

I 2010 ville kommunen byggje kommunale bustader for rus og psykiatri. Dei skulle stå klare same år. Det skjedde ikkje. Saka har blitt kasta mellom utvala helse og sosial (HS), og plan, teknikk og næring (PTN). Tysdag skal saka atter ein gong opp i HS-utvalet.

ROTTEREIR

- Eg føler det som kommunen behandlar meg som eit dyr. Anten er det ikkje ledige bustader eller så er dei i dårleg stand, fortel «Karine», som vil vere anonym.

Ho har rusa seg sidan 3.-4. klasse på barneskulen. Kjærleiken bringa ho til Bø for nokre år sidan. Ho er ikkje nøgd med bustadtilbodet kommunen gjev ho.

- I vinter var det så kaldt inne at det var is på innsida av vindauget i stua, seier «Karina».

Huset ho bur i er utstyrt med berre ein panelomn som varmekjelde.

- Du kan kalle huset eg bur i eit rottereier. Det trekker frå vindauga. Eg har akkurat hatt dobbelsidig øyrebetennelse og bronkitt, seier Karina, som også slit med astma og hjarteproblem.

UTAN STAD Å BU

- Bustadsosial oppfylging er ikkje enkelt når det er så mange brukarar, seier Nordli Eriksen.

NAV Bø har 5-6 brukarar som treng bustad med oppfylging.

- To står utan tak over hovudet og må sove på sofaene til vener og kjente, seier miljøterapeuten.

Han fortel om ei dame som snart kjem tilbake frå eit eittårig behandling. Ho har vore rusfri i eit år og kommunen vil plassere ho rett i eit hus med fire rusmisbrukarar.

- Kommunen er plikta til å gje desse brukarane ettervern, seier Nordli Eriksen, som er sikker på at dette er ei brukargruppe som kjem til å auke.

- DRAMATISKE UTFALL

Administrasjonen i Bø kommune har foreslått fire midlertidige bustader på Glenna. Dette har Forberg vel sett seg i mot. Dei er mellom anna uroa for at ungane skal bli så redde for rusbrukarane at dei blir skremt ut på riksveg 36. Velgruppa åtvarar mot dramatiske utfall og tragediar.

- Eg skjønar velet som er imot ubemanna hus. Det kan fort bli til ghettoar, seier Nordli Eriksen.

Han meiner bemanna bustader vil førebygge overdoser, dødsfall og ghettoar.

REDD OM NATTA

«Karine» fortel at ho er redd for folk som har rusa seg i mange dagar i strekk.

- Eg er redd for folk som har rusa seg i mange dagar i strekk, så eg ligg vaken og vaktsam på natta. På dagen kjenner eg meg trygg nok til å til å sove nokre timar, seier ho.

I Skedsmo har dei bemanna bustadar for folk som slit psykisk og med rus.

- Der har dei eigen lege og ruskonsulentar. Det er heller ingen uynskja som kan trenge seg på, seier «Karina».

Nordli Eriksen meiner det er akkurat eit slikt tilbod ein treng i Bø.

FRUSTRASJON OG SKADE

- Me driv brannslokking. No må politikarane tenke langsiktig. Kommunen leiger eller eig hus og leilegheiter som har store utgiftar på grunn av skadeverk, seier miljøterapeuten.

Miljøterapeuten legg frustrasjon og sinne til grunne for hærverket.

- Hallusinasjonar kan også førekome etter eit par dagar på rus og då kan det gå utover husværet.

Nordli Eriksen fortel om ein leilegheit i Breisås der bebuarane har fjerna veggen og spraylakkert doen.

- Låser og dører blir som regel bytta i eit sett, seier han.

No ber han politikarane ta ansvar og gje rus- og psykiatribrukarane trygge rammer i bemanna husstandar.

TAR TID MED PLASSERING

- Dette har ingenting med at politikarane ikkje har respekt for brukarane, seier vararordførar Bjørn Magne Langkås (Frp).

Han meiner det er ei utfordring å plassere bustadar for rus- og psykiatriavhengige.

- Men ein stad må me plassere dette. Då tar det tid, slik at me får gjort det beste for alle, seier Langkås.

Artikkeltags