I svingstolen på den praktfulle eigedomen Røsa, som ligg heilt inntil Mjøsa, fortel forfattaren og musikaren med engasjement om barndommen på Vinje prestegard. Han blei fødd i Vinje våren 1949, og der vart han døypt og konfirmert i kyrkja av faren, sokneprest og kunstmålar Sigmund Lystrup.

På spørsmål om kva oppveksten i Telemark har betydd, svarar han med fyrste songen på den nye plata «Prestegard»: «Alle har sin barndom hogd i stein, tavla ber vi med oss kva vi enn gjer. Tavla mi full av tegn, gåtefull, men lett å lese når eg ser min prestegard i lyset av ei salme».

Fanget fullt

– Det var fascinerande å vekse opp på prestegarden. Her vanka kunstmålarane Harald Kihle og Henrik Sørensen samt forfattarane Ingebjørg og Halvor J. Sandsdalen. Diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas var òg ein del av vennekrinsen. Eg hugsar me hadde fått ishockeyspel til jol. Stor stas å sjå Halldis og Halvor spela mot kvarandre. Diktarane var veldig ivrige, fortel den svært imøtekomande og ujålete kunstnaren til TA.

– Henrik Sørensen var ein veldig fargerik kar som likte å provosere. Under ein middag, der mor hadde lagt på ein kvit og fin duk, pressa han meg til at eg skulle forsyne meg av kjøtkakebollen med fingrane. Det sette sine spor på duken, men Søren var vant til å få viljen sin. Det var også han som gjekk inn for at far skulle kome til Vinje som prest, legg Geirr til.

Det var stas da han som 12-åring fekk takkebrev frå Henrik Sørensen, etter at han hadde sendt poppelknoppar frå prestegardstunet til Oslo, der målaren budde.

– Han såg verdien i ein liten «gutetjafs», seier Geirr med eit smil. For dei som lurer er stavemåten på førenamnet hans oppkalling etter Geirr Tveitt, ein komponist som Sigmund Lystrup sette høgt.

Ung sjåfør

Barndommen baud på mange musikalske minne. Mamma Gina spela Grieg på flygelet i stoga. Han høyrde kvedarane Brita Bratland og Aslak Brekke samt spelemannen Jørgen Tjønnstaul. Det hende også på heimvegen frå skulen i Bøgrend at det kom hardingfeletonar frå verandaen til Tarjei Romtveit.

– Eg har fanget fullt av gode minne frå barndommen i Vinje. Artig å tenkje på at Sondre Bratland ein gong sat i stoga vår og spela «Pengegaloppen» av Vidar Sandbeck. Han var innom for å hente hushjelpa vår med på biltur. Sondre var ein inspirasjon. Og så drog eg belgen i kyrkja for mamma Gina som var vikar for organisten. Det var på gitaren hennar, som hang på veggen i prestegarden, at eg fekk smaken på dette instrumentet, seier 73-åringen. Organist Åge Madsen lærte han dei første akkordane.

Geirr har fleire artige minne frå barndommen. Teiknaren og illustratøren Hans Gerhard Sørensen vanka òg i heimen. Etter eit selskap fekk 14-årige Geirr køyre han og kona heim i den raude Forden til presten.

– Avstanden var rundt ein kilometer. Eg hugsar at eg gassa på litt ekstra heimatt, seier han med eit smil.

– Kunstmålar Dagfinn Werenskiold var ven av far frå tida på akademiet. Ein gong etter sundagsmessa i Nesland kyrkje, venta han på far ute på kyrkjetrappa: «Takk for preika, Sigmund, i dag var du jævla god!». Far smilte godt og refererte til den kommentaren fleire gonger. Han var nok konservativ som teolog, far min, men veldig folkeleg.

Søt musikk

Det er ikkje tilfeldig at han fann sitt paradis i strandkanten ved Mjøsa i 1983. Mamma Gina kom frå Brumunddal. Ho var dotter av Berger Langmoen som grunnla den store fabrikken med same namn. Morfaren står på sokkel i Brumunddal, der Geirr tok realskulen. Han budde da hjå mormor som hadde vore enke i mange år. Industrimannen Berger døydde i 1950. Seks år seinare vart statuen avduka av Einar Gerhardsen. Desse to kjende kvarandre frå Grini under krigen.

Det er også andre grunnar til at musikaren, forfattaren og komponisten har busett seg ved Mjøsa. Kona Siri Thesen er frå bygda. Korleis han vart kjent med Siri, som har arbeidd som tannlege i mange år, er ei artig historie.

– Eg hadde vore på gitarkurs i England sommaren 1973. På flyplassen såg eg ei søt jente i køen. Trikset var at eg spurde henne om det var dette flyet som gjekk til Oslo. Eg høyrde på dialekten, tok ein sjanse og spurde om ho var frå Brumunddal. Svaret var ja og sidan har me halde saman, seier Geirr med eit lurt glimt i auget.

Ikkje rik

Han kan også smile breitt av karrieren sin på ulike plan. Geirr er heidra med fem spellemannprisar over ein periode på 24 år, i tillegg nominert til same pris seks gonger. I 2010 fekk han Hedmark kommunes kulturpris. Han har fått Prøysen-prisen og Kardemommestipendet, for å nemne noko.

Det er så langt blitt kring 35 plateutgjevingar pluss om lag 20 bøker og visesamlingar. Overskotet frå nokre av utgjevingane har gått til fattige barn i verda gjennom bistandsorganisasjonen FORUT. Sundag blir barneboka og CD-en «Bæssfar og je» lansert på Riksscena i Oslo.

– Barnebarnet Erle på to år har inspirert meg. Fyrst no har eg verkeleg skjøna kor gjævt det er å vere bestefar, seier Geirr.

– Den andre utgjevinga i haust er CDen «Prestegard» på Kirkelig kulturverksted. Dette er eit bestillingsverk frå Opplysningsvesenets Fond som no feirar 200 års jubileum. Songane er inspirert av oppveksten på Vinje prestegard. Eg har levd av kunsten heile livet. Det har bore seg, men ikkje noko eg har blitt rik av, seier den allsidige karen.

Idrettsmannen

Ei meir ukjent side av han er idrettskarrieren. Fram til for få år sidan hadde han krinsrekorden i 15-årsklassa for Hedmark i stille lengde, med 2,92 meter. Elles koplar han godt av med bordtennis. Der kom Geirr nyleg til NM-finalen for veteranar.

– På turneane har eg alltid med meg racketen, seier mannen som også er salmediktar.

– Er du aktiv i kristenlivet?

– Nei. Eg trur nok ikkje på nokon protestantisk Gud, men heller ei altomspennande verdssjel. Far snakka ofte om ei slik positiv universell kraft.

– Og forholdet til Telemark?

– Dit dreg eg så ofte eg kan. Køyrer gjerne fire timar for å halde ein konsert eller to. Og berre eg skimtar Gaustatoppen, så slår eg over til dialekten «åmafe». Da kjenner eg meg heime, avsluttar Geirr Lystrup.