Opplevingane frå eit jordskjelvherja Nepal sit enno godt planta i marg og bein.
TRYGGJE OG TAKKSAME
– Me er utruleg takksame og glade for å vere tilbake i tryggje og kjente omgjevnader i Seljord. Me er slitne. Ikkje spesielt fysisk, men føler på tilstanda av å ha vore anspente i lang tid. Når ein da er heime på trygg grunn att, gjev det ei kjensle av å vere litt sigen, seier rektor Husby til TA. Han rosar all hjelp, støtte og oppfølging folkehøgskulegjengen har fått dei siste dagane. Sjølve legg dei vekt på å støtte kvarandre og vere saman den siste veka av folkehøgskuleåret.
– Den siste veka på folkehøgskulen er i utgangspunktet veldig kjenslefylt. Med opplevingane ein ber med seg frå Nepal, blir det ikkje mindre nå. Me samlast som best me kan. Og alle elevar og lærarar som har behov for det, får oppfølging av kriseteamet i Seljord kommune, med vidare koplingar mot kriseteama i sine heimkommunar, fortel rektoren vidare.
– Me føler oss fillerista innvendig, seier han. I kjensla av å vere i tryggje omgjevnader, føler ein også på urettferdigheita i verda.
RASERT BARNEHEIM
– Me er så utruleg priviligerte her i Noreg som kan setje oss på eit fly og reise frå problema. Me tenkjer spesielt på dei nærare 50 jentungane på barneheimen i Balika i Pasthali, som no ikkje lenger har tak over hovudet. Frå å ha lite, har dei ingenting. Frå å ha det vanskeleg har dei det endå verre, fortel ein tydeleg prega rektor, og syner til barneheimen folkehøgskulen sidan 2009 har arbeidd til inntekt for. Barneheimen fekk omfattande skadar i jordskjelvet, og nærare 50 barn må nå sove ute.
10 elevar og tre lærarar frå folkehøgskulen var saman med desse då det første jordskjelvet kom laurdag.
– Ingen vart fysisk skadde. Men mange av ungane var livredde. Folkehøgskulerepresentantane som var saman med dei, gjorde ein formidlabel innsats med barna i samband med situasjonen som utspant seg, rosar Husby som var tilstades i Katmandu saman med størstedelen av gruppa. Sjølv om dei var fleire mil unna, var det merkbart.
– Det høyrdest ut som eit tog som kom i det fjerne, ein tung dieselmotor som starta. Det rista så fælt at folk ramla og stolar velta, fortel Husby om situasjonen som utspant seg i møteromet der eit 50-tals elevar og lærarar var samla.
Under rolege og kontrollerte former vart ein evakuert ut gjennom ein smal naudutgang.
– Eg er bare glad møterommet ikkje kollapsa, legg rektoren til.
BYGGJER OPP IGJEN
På bakgrunn av det folkehøgskuleelevane har opplevd, går det mange tankar til dei foreldrelause og vanskelegstilte jenetne på barneheimen Balika. Elevane er alt godt i gang med eit innsamlingsarbeid for å byggje opp barneheimen att. Torsdag ettermiddag hadde dei samla inn vel 250 000 kroner til føremålet.
– Elevane er veldig engasjerte og vil ikkje gje seg før bygget er på plass igjen, påpeikar rektoren og rosar innsatsen deira.
Nepal-opphaldet til dei 70 folkehøgskuleelevane og dei 10 lærarane var i regi av den årlege ekskursjonen folkehøgskulen har hatt til staden dei siste åra. Planen var retur onsdag kveld i veka som var, men den Norske Ambassanden skar gjennom og fekk resiefølgjet frå Seljord på eit fly onsdag morgon.
– Det blei ein spesiell tur, ganske annleis enn ein trudde. Nå brukar me tida til å samle oss, avsluttar Husby.