Historisk cd-slepp i Fyresdal

Artikkelen er over 12 år gammel

For første gong har en cd blitt sleppt i Fyresdal. Det er fem fyresdalsungdom som står bak.

DEL

Med cd-en «Fivrelddans» vil dei fem fyresdalungdomane i Sugar Plum Fairies hylle heimbygda og kulturarven sin. Med albumet gjer dei dessutan sitt til å hente Fyresdal-diktaren Haakon Lie fram frå gløymsla. I går inviterte kvintetten til sleppfest på Airpark Fyresdal Hotell og fekk trampeklapp frå begeistra sambygdingar.

FOR ALLE VINDER

Fleire ønskte dei unge musikantane til lykke med det kulturelle nybrottsarbeidet.

- Det de gjer er så bra! takka Ragnhild Berge på vegne av etterkomarane etter diktaren Haakon Lie.

Dei fem utøvarane er stort sett spreidde for alle vindar, men har brukt sommar- og joleferiane til flittig samspel i fleire år. Da dei drog på oppdagingsferd i Haakon Lie sine diktsamlingar, begynte tanken om ein cd å bli til.

Det er Merete Reinskås og Øyvind Berge som saman har stått for tonesetting og arrangement. Merete trakterer både piano og trekkspel, trompet og gitar og er godt i gang med musikkvitskap på musikkhøgskulen. Øyvind Berge har Fyresdal kulturskule å takke for god gitarundervisning, og som vokalist i Sugar Plum Fairies er den 22 år gamle norskstudenten absolutt frontfiguren i gruppa.

GJESTEARTIST

Fyresdal-kvintetten er ikkje særleg opptekne av båssetjing, men plata dei har spela inn, kan truleg karakteriserast som noko midt mellom visepop og folkrock. Og når det blir tale om kulturarv - hardingfela er ikkje heilt gløymt i Fyresdal. Magne Berge figurerer som gjesteartist med fela si på visa om «Andre dugurdskvildi».

- Det var moro at så mange ville koma hit i dag. At vi endeleg har kome så langt, kjennest stort! seier Merete Reinskås.

Om nokon lurar på korleis gruppa kan heite Sugar Plum Fairies, ja, så er det vokalisten sitt ansvar. Som ihuga Beatles-fan høyrde han eingong eit opptak der John Lennon sa nett desse orda, og så blei gruppa heitande det!

Navnet på cd-en, «fivreld», er det same som ein sommarfugl.

Artikkeltags