Politisk samarbeid i Bø

YNSKJER SAMARBEID: Per Atle Einan (SV), Dag Sele (KrF), Olav Kasland (V) og Frode Lieungh (H) har skapt ein koalisjon. Bø sin komande ordførar Olav Kasland er også open for å samarbeide med parti utanfor koalisjonen i visse saker.

YNSKJER SAMARBEID: Per Atle Einan (SV), Dag Sele (KrF), Olav Kasland (V) og Frode Lieungh (H) har skapt ein koalisjon. Bø sin komande ordførar Olav Kasland er også open for å samarbeide med parti utanfor koalisjonen i visse saker. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

BØ: Venstre, KrF, Høgre og SV har inngått eit politisk samarbeid for den neste perioden i kommunestyret.

DEL

- Me har tatt skrittet vidare frå teknisk samarbeid til eit politisk samarbeid, seier Bø sin komande ordførar, Olav Kasland (V).

Dag Sele (KrF) blir varaordførar. Geir Sønstebø (V) leiar i utvalet for plan, teknikk og næring. Kristin Ø. Vestgarden (V) leiar for helse- og oppvekstutvalet. Augon Eika (V) leiar for utvalet for kultur, idrett og miljø.

Formannskapet blir, i tillegg til Kasland og Sele; Bergit A. Myrjord (V), Frode Lieungh (H), Heidi Troneng (SV). Partia stiller også i same styrkefordeling i hovudutvala.

Dette er noko av sakene konstellasjonen satse på fram mot 2015:

- Vere ein aktiv skuleeigar.

- Vidareføre utbyggingsplanar for Bø sjukeheim.

- Eit fortetta sentrum.

LES MEIR OM SAMARBEIDET I MORGONDAGENS TA.

Artikkeltags