Ber inn til open gard for 10. gong

OPEN: Sundag er det igjen høve for nære møte med natur og dyr på Evju bygdetun.

OPEN: Sundag er det igjen høve for nære møte med natur og dyr på Evju bygdetun. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØRTE: Sundag kan ein boltre seg i tradisjon og gardsopplevingar på Evju. Da inviterer ein igjen til open gard.

DEL

- Det er som alltid mykje å ta seg til, seier museumsstyrar på Evju bygdetun, Jorid Vale. I kring 10 år har ein dyrka tradisjonen med opne gardsdagar på tunet. Vale trur det er verdifullt.

- For barna blir nærleik til og kunnskapen om kvar maten vår kjem frå, blir stadig større, hevdar ho. Med stort fokus på lokale vekster og det å lage mat av kva naturen gir, byr ho på fleire produkt. Nærleik til dyr står også sentralt, og sundag kan ein bli kjent med både hest, telemarkskyr, koppelam, kaniner og høner. Og det skortar heller ikkje på aktivitetar; natursti, sekkeløp, stylter, hesteskokasting, spikking, fuglekassesnekring, toving, leiketraktorar, historisk Gråtass og moderne traktor vil bli å finne, i tillegg til mykje meir.

Artikkeltags