Tankar under gaupesporing

Artikkelen er over 8 år gammel

Nysnø i moderate mengder frå fem til ti cm, ligg som eit lysande og mjukt teppe over gamal snø, is og bar mark i nesten heile Telemark, ja, over det meste av Søraust-Norge.

DEL

Oppklarning nokre dager etterpå med klart og kjøleg og fint vinterver gjev optimale forhold for å sjå etter dyrespor i skog og mark. I hei og fjell derimot syter vinden for å viske bort det meste av spor etter kvart. Som ein av mange som har tatt på seg oppdrag med registrering av rovdyrspor generelt og gaupespor spesielt, er eg ute på sporing både etter dei tildelte takseringstraseane og fleire andre stader, også i svært lagleg gaupeterreng. Dessutan blir det mange turar elles i skog og hei og fjell, under alle slags forhold, men også når det er fin sporsnø.

Eg blir både lei meg og skamfull på oss menneske sine vegne, når eg stort sett heile tida registrerar det same resultatet, - det store og mørke og gapande holet som me, gjennom naturforvaltninga vår, har klart å få til i den økologiske heilskapen og det biologiske mangfaldet. Me tek oss til rette ovanfor naturlege økosystem, og på ein arrogant måte formar eit biologisk mangfald i ubalanse ved å fjerne "konkurrentane" våre i matfatet (og i lommeboka). I staden for å oppfatte dei dyreartane som er rett under oss på den økologiske pyramiden som medspelarar, for saman å oppretthalde ein naturleg balanse mellom dei ulike artane, velgjer me å ta styringa aleine, med eit haltande naturleg samspel som resultat. Eg ser mengder av spor etter elg, rådyr, rev og hare, og eit og anna far etter hjort, mår, røyskatt, snømus, ekorn og bever. Eg skremer opp storfugl, orrfugl og rjupe. Men ikkje noko som er i nærleiken av eit ulvespor er å sjå, og ikkje ein gong eit einaste spor etter gaupe bryt konturane i det kvite og glitrande snøteppet. Heller ikkje eit syn av ørna høgt oppe mot den knallblå himmelen blir meg til del. Eg blir trist og nesten tårevåt ved tanken på dei få forsvarslause rovdyra som må vike plassen sin i naturen for vår skuld. Fordi me har lagt oss til ein livsstil og eit næringsgrunnlag som me synest er for vanskeleg å kombinere med ein del rovdyr som utfordrar oss meir enn me kan tåle. Stakkars rovdyr, tenkjer eg fyrst, med klump i halsen. Men så rasar ein fandenivoldsk tanke gjennom meg, på den mektige naturen sine vegne: - Stakkars arme menneske, kor usselt du forvaltar den Jorda me skulle ha saman alle som er ein del av Skaparverket. Dette kjem du til å måtte svi for ein dag, når naturen slår tilbake for å demonstrere makta si over dei hjelpelause menneska????!

Til slutt ei orsaking for refleksjonane mine her og ei medkjensle med dei som får skada eller drept sauene sine av rovdyr i norsk natur. Eg forstår både den økonomiske og ikkje minst den kjenslemessige sida av dette. Kva kan me gjere saman for å komme fram til ei felles forståing og ei løysing på desse utfordringane, me som meiner nokre rovdyr høyrer heime i faunaen vår, men som samtidig er for best mogleg vilkår for å drive med sau og andre utmarksbeitande husdyr som næring ? Fins det mellomvegar og løysingar, eller let det seg ikkje kombinere med husdyr i utmark der det fins eit og anna rovdyr ?

Kan framtida vise oss ordningar som er til å leve med, eller vil dette vera ei uløyseleg oppgåve ?

Eg skulle håpe me kunne sameine desse ulike serinteressene.

JON INGEBRETSEN

Naturrettleiar

Artikkeltags