Nynorsktekst på mjølkekartongar i Telemark

Artikkelen er over 11 år gammel

Det har vore ei gjennomgripande nedlegging av meieri i Telemark, no sist meieriet i Porsgrunn.

DEL

Det har ført til ei gradvis utvisking av nynorsk språktekst på mjølkekartongane, 100 prostent nynorsktekst på produkta frå Kviteseid meieri til slik det er i dag, det vil seie berre bokmålstekst.

Frå meieriet i Porsgrunn fekk vi ei ordning med at nokre av kartongane skulle ha nynorsktekst, mellom anna var dette tilfelle «Heilmjølk» og «Heil- og skumma kulturmjølk».

Sidan meieriet i Vestfold også dekkjer område med nynorsk språk, og mange dialektar elles har former som ligg nær det til dømes det nynorsk ordet «mjølk», finn vi det naturleg at meieriet sender ut nokre av mjølkekartongane med nynorsktekst, til dømes at meieriet innfører tidlegare praksis og i alle fall nyttar nynorsk på kartongane for «Heil og «Heil- og skumma kulturmjølk»

Dette ser vi på som eit rettferdskrav og eit spørsmål om å tolerere det andre norske skriftspråket. Med to offisielle nasjonalspråk her i landet, må det vere eit minstemål av kulturell og språkleg rettferd at i allfall eit par av kartongane frå meieriet dykkar får nynorsktekst.

Vedteke på årsmøte i Telemark mållag 14. april

Artikkeltags