– Eg var på mitt første keramikkurs da eg var seks, sju år gammal. Og eg hugsar at eg ville ikkje gi meg, bare halde på og halde på fordi det var så moro, smiler Mascha Burgerhoudt (25). Denne gløden har ho nå dyrka gjennom nærare 20 år.

– Ja, for slik er det fortsatt, konstaterer 25-åringen som saman med Grete Helland Sanda (38) har etablert Morene leireverkstad midt i Gvarv sentrum. I desse dagar markerer verkssemda deira eitt år. Og det ser ut til å bli mange fleire slike.

Føler seg heldige

– Me føler oss veldig heldige som kan vere her. Perfekte lokale for verksemda vår og me føler oss så godt tatt imot på Gvarv. Det er mange kunstnarar i området, og som verkar opprektig glade for at me er her. Me føler nesten at me har blitt litt del av noko, smiler dei to, og blir nesten litt rørte. Sjølve er dei busette på Notodden og i Bø.

– Litt tilfeldig, eigentelg. Men fint å kunne møtast på halvvegen også, erkjenner dei to, som blei gode studievenninner da dei gjekk på leirestudiet i regi av Universitetet på Notodden i 2018. Medan Mascha nå er student og godt i gang med ein master i kunst- og handverksfag, har Grete bachelor i økonomi. På sikt håpar dei å kunne kombinere utdanningane sine.

Vil byggje stein på stein

– Eg trur det er lurt å tenkje kombinasjon. Det kan vere tøft å skulle leve bare av kunsten heilt frå starten. Målet er å byggje oss opp gradvis, stein for stein, fortel dei, men legg ikkje skjul på at dei har eit stort hjarta for arbeidet med leira.

"Ein er heile tida i prosess, og vegen blir oftast til medan ein går

Mascha Burgerhoudt og Grete Helland Sanda

Morene leireverkstad på Gvarv

–Det er fantastisk moro å jobbe med leire. Eit veldig takknemleg materiale, der ein stadig blir utsett for «happy accidents», snarare enn å måtte skrote heile prosjektet fordi ting ikkje blei som ein trudde. Det er frykteleg gjevande. Ein er heile tida i prosess, og vegen blir oftast til medan ein går, erkjenner dei to, som har stor glede av å kunne dele problemstillingar og utfordringar seg imellom i arbeidet.

– Eg har alltid visst at eg skulle drive med noko kreativt, men samtidig heilt avhengig av å vere to, konstaterer Mascha. Saman med Grete leikar ho seg gjennom arbeidsdagen og i utforminga av ulike kreasjonar.

Førebur seg til jul

Å skulle lage eit produkt i leire er ikkje gjort på ein formiddag. Frå start til slutt tek det nærare to veker. Råmaterialet må tørke både ein og fleire gonger, brennast og glaserast til slutt.

– Derfor planlegger me nøye kva me lagar og lagar større parti som tørker og brennast samtidig. Og så er me veldig glade i at tinga våre har ein bruksfunksjon, fortel dei og syner til koppar og kar, fat, vasar og bollar.

– Me er opptekne av berekraft og ønskjer at det me lagar har ein viss nyttefunksjon. Me kastar heller ingenting. Blir det leire til overs gjenbrukar me den, fortel dei stolte og er godt i gang med årets juleførebuingar. Stjerner, dyr, tre, kuler og hus tar form. Bare å la seg inspirere! Etterkvart blir det også kurs.