Odd Nordstoga fekk Spellemannprisen  i klassa for årets tekstforfattar, sjølv uttalte han at dette var den gjevaste prisen han har motteke i Spellemann-samanheng.

Han blei kåra til Årets Spellemann i 2004 og fekk òg prisen for årets mannlege artist same året. Så har han vunne prisen i lag med andre to gonger: fyrst gong med Øyonn Groven Myhren (2003) og andre gong med  kveldens programleiar Ingebjørg Bratland (2013).

Så har han òg vore med og  vunne prisen for årets barneplate.

Les også: Disse telemarkingene kan få spellemannpris

Anne Hytta og gruppa hennar Slagr vann Spellemannprisen i Åpen klasse  for CD-en ”Short stories”, dette er ei gruppe som Anne starta i 2003.

Dette er hennar og Slagr's fyrste Spellemannpris.