Full pott til Telemark

STORHENDING: To telemarkingar rykker opp i eliteklassa same året, dei einaste i år i denne klassa: Ingebjørg Lognvik Reinholt (t.v.) og Inger Lien.
Foto: KJELL BITUSTØYL

STORHENDING: To telemarkingar rykker opp i eliteklassa same året, dei einaste i år i denne klassa: Ingebjørg Lognvik Reinholt (t.v.) og Inger Lien. Foto: KJELL BITUSTØYL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ingebjørg Lognvik Reinholt frå Seljord vann klasse B vokal folkemusikk under Landskappleiken, i år som i fjor. Og på ein god andreplass kom Inger Lien frå Møsstrond. Neste år er dei båe A-klassingar.

DEL

Dei er både konkurrentar og kollegaer på Landskappleiken i Fagernes i desse dagar, men aller mest kollegaer ifylgje dei sjølve, kvedarane Inger Lien frå Møsstrond og Ingebjørg Lognvik Reinholt frå Seljord. Dei hadde båe eitt napp i vokal folkemusikk klasse A, og frå no av er dei A-klassingar.

På noko vis er dei forskjellige, på anna vis har dei mykje til felles. Til dømes så er båe to glad i visene etter Jørund Telnes; Inger med sin tradisjon frå lenger oppi bygdene, medan Ingebjørg har sin tradisjon frå Seljord og aller mest frå kvedaren Ragnar Haugstøl.

Vegen fram til kappleikscena har vore forskjellig. Ingebjørg Reinholt debuterte så tidleg som i 1998 som 12-åring på Landskappleiken på Kongsberg. Så skulle det gå mange år før ho kom med att, det var i  Seljord i 2011. Då var ho B-klassing.

Inger Lien bruka mange år før ho i det heile våga seg opp på ei kappleikscene på Landskappleiken. Det skjedde på Røros i 2013 og då gjekk ho likså godt bort og vann heile B-klassa i vokal folkemusikk. Og i fjor var det Ingebjørg Reinholt sin tur til å vinne denne klassa.

Alder spelar liten rolle

Inger Lien er den eldste av desse to. Men båe to understrekar kor lite aldersforskjell betyr i dette miljøet, det tenkjer ein ikkje på, seier dei båe. Og dei har alt hatt tre konsertar i lag desse to, seinast i vår då dei hadde ein rein a cappella-konsert på ein folkemusikkpub i Fredrikstad, i eit miljø som nok er ikkje er så vane med denne type folkemusikk.

Litt ulik bakgrunn

Inger Lien er av yrke lærar og har folkemusikken som ein hobby, men har ein god del oppdrag, fortel ho. Ho har ikkje lært av nokon spesielt men har sunge så lenge ho kan hugse og har lært litt av den og litt av den, men ho er klar når ho snakkar om sine førebilete, det er Bjarne Øvrebø frå Åmotsdal, Marit Vågen Lilleland og Kirsten Bråten berg.

Ingebjørg Reinholt har teke utdanning innafor musikk og lever av musikken, både som som utøvar, som pedagog og som leiar av eit kor. Ho har hatt fleire læremeistrar, blant andre Agnes Buen Granås. Som utøvar må ein vera allsidig, fortel ho, for medan Inger fysst og fremst driv med det ein kan kalle solokveding, er Ingebjørg med i flere forskjellige prosjekt. Ho har blant anna duoen Fivil saman med Kirsti Bakken Kristiansen. Dei kjem med cd no i haust. Ho har ho turnert i barnehagane i Telemark med Fivil. Så har ho og hatt eit nært samarbeid med kvedaren Øyonn Groven Myhren og fått del i ein stor songskatt frå Øyonn sin familietradisjon frå Telemark.

Men på ein tradisjonell arena som Landskappleiken er dei to definitivt i same båt, her er den nakne stemma og den direkte formidlinga som gjeld, slik det alltid har vore.

Artikkeltags